Gull og "gugge" paa Guggenheim

Det store kunstmuseet i Bilbao. Guggenheim. Tre ting slaar meg. Foerst bygget. Eventyr ute, og himmel inne. Til aa verte inspiret av. Inspirert til kulturarbeid.

For det andre er nokre av installasjonane/utstillingane roerande og imponerande. Vert staa-ande aa «stane». Her ligg tanke bak. Her er handverksmessig utfoering.

Til sist: Noko er berre vas. Smoerje. Verkar tilfeldig. Har det nokon som helst verdi??? Det maa i saa fall vere den «verdien» det faar av Guggenheim-museet. Den som heng paa Guggenheim faar noko paa CV-en, og det tel i vaare dagar. Verdlaus kunst kan faa verdi av aa henge paa «rett» plass. For det er ikkje gull alt som heng paa Guggenheim heller. Meiner eg.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *