Teater-engel

Vi skulle paa Shakespeare og Kjoepmannen i Venedig. Paa informen kryssa ho av paa kartet vaart, og vi kvilte middag. Ute i god tid. Tre kvarter foer start. Stengt. Feil tetaer. Irritert paa informen. Hadde ei tyggegummi-tyggande togluke-dame i minnet fraa dagen foer. (Det er ei anna soge – grrrrrr)

Vi stretar mot ein ny inform. Stengt. Men det store teatret i byen har opa billettluke. Dei maa vel vite. Eg legg teater-annonsen paa skranken, og gjer meg blid. Ho ryggar. Vil ikkje svare. Kan ikkje svare. Hjelpelaus. I det eg skal til aa sukke, staar engelen der. Teaterengelen.

Ho ser paa annonsen. Ho han sju ord engelsk. Eg ikkje spansk. «Metro. Tenn minnits». Eg og Karen Helga diskuterer. Engelen ventar. Skal same vegen. Fingerspraak. Teater ved stasjonen ti minutt borte. Metro!!! Vi slaar lag. Og ho peikar «hundred miiterss» og peikar venstre. Vi spring. Vi naar det.

Og eg takkar alle folk fraa utkanten som alltid veit alt. I sentrum faar du berre informasjon om «Langebrua» og «Karl Johan». I Haukedalen derimot! Der veit dei alt om Haukedalen, Foerde og Oslo. Slik er det i Bilbao ogsaa. Naturlegvis er det slik her ogsaa.

Jenter som teater-engelen burde bekvinne kvar ein infoskranke i heile verda. Vilje er viktigare enn nokre gloser med framande spraak!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Teater-engel

  1. hanna sier:

    haha og kvar er den spanske reiseparløren?

  2. hans jakob sier:

    Karen Helga prioriterer japansken …. men ho skal laere seg spansk paa flyet over Stillehavet. Eg er framleis best paa nosrk og fingerspraak!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *