….. blogg fraa Biscaya

Bilbao ved Biscaya. Kjem paa ei strofe fraa Jakob Sande «Gjennom uver og storm paa Biscaya, kjem han heim i fraa Lissabon, men no gaar han som fri-kar paa kaia, Daniel Davidson». Vesle Daniel kjem heim og legg ut om «kanariske moeyar» og «ville dyr» i «ein flokk av undrande kameratar». Sjoemannen kom og fortalde om verda, foer han for avgarde att «i storm fraa nord-vest» – i fylgje Jakob Sande. Kaia var plassen der ein fortalde! Brev var usikker maate aa naa fram paa. Kom ofte for seint til hamn. I gamal tid med norske sjoefolk.

Paa interrail i 1975 proevde eg aa ringe heim fraa Hellas. Umogeleg. Dei fleste postkorta kom heim etter at eg var heime att sjoelv.

No er det nye tider. Vi har ein pose med ladarar og bankbrikker. Vi tek med oss postkassa og banken same kvar vi legg ut. Ikkje ein gong ein draum i 1975.

Og vi bloggar. Ferskt maa det vere. Ingen gidd aa hoeyre paa naar vi kjem paa kaia. Daa er det gamalt nytt. Men eventyret var nok stoerre i 1975. Og for Daniel Davidson lenge foer det. Det vart viser om Daniel. Evigvarande. Daniel Davidson hadde ikkje blogg!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *