Å reise

Reisefeber. Stress. Kryssing på lister. Busstasjonen. Sig ned i setet. To personar og fem kolli. To tunge og to lette + kamerabag. Ingenting meir skal med. Mobilen får gi dei siste meldingar. Skuldrane senkar seg. Jölster går av moten. Kolonne på Hemsedal. Tog frå Oslo S i rörsle. Ås – der eg var i fire studerande ungdomsår – står att i morgonskodda. Moss luktar Moss. Noko er med det same. Ein konteiner ber påskrifta «Bilbao»! Kanskje?

Å reise i 26 veker med kjärast og «fire sekkar». Å reise er noko i seg sjölv. Å reise er å möte andre. Å reise er nok likevel mest å möte seg sjölv. Refleksjon. Dette halvåret startar med den fjerde interrailturen min. Den förste turen som uröynd 19-åring. Hjeeeeeeelp. Overfylt tog til Stockholm. Göteborg derimot. Fiksing og avgjerd. Som når eg var 19. Må snu meg no. Eit halvt år utan inntekter. Skal berre bruke. Leve. Oppleve.

Jules Vernes skreiv «Filias Fogg» inn i «Jorda rundt på 80 dagar». «Passparto» – tenaren – har ikkje meldt seg. «Prinsesse Aoda» derimot. Kornsjö står det på skjermen. Sverige! Like yr som ein 19-åring?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *