"Prinsesse Aoda"

I «jorda rundt på 80 dager» fekk eg i barndomen ein draum om «jorda rundt». No er eg på veg, ….. og dreg refleksjonar. Samanlikning! Filias Fogg hadde «åtti dagar». Eg har bevilga meg «hundre og åtti». 26 veker. Frå 2. januar til 2. juli. Filias hadde tenar. Ikkje eg. Men eg har nettbank og VÍSA, blogg og e-post. Filias fann ei prinsesse i India som han redda frå bålet, og tok med heim til London. Eg dreg ut med mi «prinsesse» og vonar at kjärleiken held!!! Heile turen og vel so det…..

Filias sette heile formuen sin i pant i eit veddemål om å greie «jorda rundt på åtti dagar». Eg har berre lånt pengar i banken og sagt at eg reiser, men innrömer at det vert flaut å kome att etter ei veke, og seie at vi gjorde vendereise i Sverige. Men det viktigaste er å tore. Å pröve.

Ein annan skilnad på meg og Filias, er at mi «prinsesse» heiter Karen Helga og ho har eigen blogg: www.karenhelga.typepad.com
Det hadde neppe den prinsesse Aoda!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til "Prinsesse Aoda"

  1. Heidi V sier:

    God tur! Gledar meg til å følge med på bloggen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *