Kjippen – Julebukk på Florø-måten

Nyttårsfeiringa i Flora er unik. Det går eit ”rufse” opptog gjennom gatene ved årsskiftet. Med plakatar og heile installasjonar så store som hus. Eit demonstrasjonstog med røter attende til sildetida. Sveinane i tønnemakar-faget demonstrerte. Med tida har det vorte mindre klassekamp, og desto meir Florø-patriotisme.

Halv tolv på nyttårskvelden. Lite folk i gatene. Kjippen må vere ein bløff. Tjue på tolv høyrer vi trommer. Nokre slår på oljefat. Samling!!!!!! Det kryr fram av dei som har laga innslag. Ingen formell arrangør. Ingen søknad til politiet. Politiet ser på. Tek det med ro. Slik er det i Florø Nyttårsaftan.

På slaget tolv set dette merkelege toget seg i rørsle. Tre-fire saker står i sentrum i år. Mest om gåve-madrassane i ambulansane. ”Sjukehuset har dei tatt, madrassane var alt vi hadde att” og rim der ”madrass” rima på ”Jævla Førde-rass”. Madrass-gåva vart Florø-symbol. Ein smør på med nazi-symbol og tortur.

Det andre emnet som prega toget, var kampen om Florø-sjela og riving av gamle hus, mellom anna den nedlagde Kakebua. Utbyggar vert skildra som pesten som hengde Kakebu-mannen i ein galge!. Kraftige symbol.

Eg hadde nok venta meir spit med ”hemmelege” bystyremøte, men ”Jakob Nødset tente, fylkesmannen skjente, stakkars Bente” syner at ordførar Bente Frøyen har støtte i Kippen.

Elles fekk polakkar som legg seg etter dei lokale jentene, det glatte lag. Uttrykka er direkte og i drygaste laget i vanlege samanhenger. Men her er det kodane i Kjippen som gjeld. År om anna har Kippen vore prega av lågpanna sex-humor, men dette var stort sett fråverande i år.

Etter toget vart alle plakatar og installasjonar brende på bål. Alt sagt og alt gløymt er truleg tanken bak slike rituale.

Kva er Kjippen? Eit røft og usminka folkeleg julebukk-tog i gamal bytradisjon i Florø. Folk kjem seg ut på gata og helsar kvarandre Godt Nyttår. Det er viktig å pleie by-patriotismen. Florø er byen i fylket. Det dreg ein aldri i tvil etter å ha sett Kippen. Dette er bykultur i fjordfylket. Det må likevel seiast at det er det er den fundamentalistiske og einspora Florø-væringen som pregar Kjippen. Kjippen er ikkje plassen for nyansering.

Nokre kallar det karneval, men karnevalet har vel noko meir varme og glede i seg. Kippen ser ut til å ha eit litt mørkare fandenvolsk julebukk-preg. Kippen har også eit drag av uredigert revy.

Altså; ein stooooooooooor del Florø-patriotisme, ein eldgamal del tønnemakar-tradisjon, ein lokal porsjon norsk julebukk-tradisjon, ein del lokalrevy og bittelitt karneval. Denne blandinga er Kjippen i Florø. Og på same måte som ”stafett er stafett”, så vil ”Kjippen vere Kjippen” så lenge Florø by har bruk for kraftig lokalpatriotisme!

PS:
Eg takkar med dette for eitt år som kulturmeldar på radio og blogg. Eg skal eit halvt år ut i verda, og den som vil følgje meg der, kan lese denne bloggen. Bussen går!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Kjippen – Julebukk på Florø-måten

  1. Liv Judit Straume sier:

    God tur jorda rundt! Gleder meg til å lese bloggen din undervegs

  2. Bjørg Kvame sier:

    Gler meg og til å fylgje deg på tur,kor går ferda ?
    Eg «diggar » kommentarane dine !

  3. Tilbaketråkk: Kjippen - Julebukk på Florø-måten

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *