Fjørarevyen

Fjørarevy i Sogndal kulturhus. Fjøra er ein liten fotballklubb i Sogndal sentrum. Sogndal sentrum heiter Fjøra. Her er vi på ultralokal lokalrevy. Dei deler ikkje ut program. Alle veit visst kven alle er. Utselt premiere. Stappfullt. Fjørarevyen i er i takt med sitt publikum. Å ha premiere seint i advent og elles spele i romjula er ein krevjande sport. Fjøra greier det for tiande år på rad.

Styrken med Fjøra-revyen er at den er framført av ein liten energisk skodespelargjeng på sju, og med eit glimrande revyband som støtte. Her er lokalt trøkk og publikum kjenner heltane sine. Både dei som står på scenen og dei som vert gjorde til lått; tildømes når forretningsmann Flåten ”står og hyler” som grisen til Odd Nordstoga.

Alle lokalrevyar har sin stil. Fjørarevyen 08 brukar video på det store filmlerretet mykje – kanskje i meste laget. Men ein del av dette videostoffet er laga av så proffe filmskaparar at båten ber. Vi får gjennomgåande reklame for ”Sogn Avis” og ”Fjøra fotballklubb” laga med innsikt og kjærleik, og bjørnejakta i Luster får sin eigen vri.

Lokalrevyen fungerer når den sparkar mot grannane, og i Fjørarevyen er det Årdølene og Jostedølene som må tola mest. Elles står storebror Sogndal i den lokale fotballverda lagleg til for spark.

Sjekking, kropp og kjønn er viktige tema i Fjørarevyen. Det er vanskeleg å fota seg med broka rundt anklane, og dette vert lett plump humor, der ein bergar seg i land med ekstremt overdrive typespel. Men slik er det ofte i fotballverda også; ekstremt offensivt spel utan stil hamnar ofte i ”offside”, og publikum får seg ein lått utan at det verte elegante mål av det. Lokalt kroppsfokus endar ofte i jakt på navlelo.

Eit så drivande ensemble ville tent på meir arbeid med tekstane og meir overraskingar mot slutten av nummera. Men du verda; publikum fekk det dei kom for, og kvifor skal ein då endre stilen? Scenen er enkel og kostyme står i stil med dei ”overdrivne” typane.

Revyen vert spelt på gnistrane sognamål og musikkvalet er framifrå. ”Driven” og entusiasmen i framføringa gjer at einaktaren på ein time og tre kvarter går fort. På tampen; min honnør til det lokale og trufaste revypublikumet i Fjøra; på høgde med det dei har i Stryn og Florø, og det seier ikkje lite.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *