Råning og teatrets kunst

1: Teater må føregå innanfor lover og reglar. Å setje teatralsk ytringsfridom over alt anna vil vere pompøst. Ordensmakta i eit kvart samfunn har plikt til å stoppe alvorleg kriminalitet før det skjer. Teater eller ikkje teater!
2: Den som vil gå «tvers igjennom lov til seier» må gjerne prøve det! Slikt vert det både PR og prinsipp-diskusjonar av! Kor viktige dei er vert opp til ein kvar å vurdere med seg i kvart enkelt tilfelle!
3: Råning på «lovleg bilsport-nivå» må tillatast også i teateret. Alt anna vert 70-tals politisk korrekt oppdragande sosionom-teater. So da!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Råning og teatrets kunst

  1. Rita Tonning sier:

    Kva er eigentleg eit sosionom-teater?

  2. Hans Jakob Reite sier:

    Eit sosionom-teater kan vere så mangt. Eg har på «blogg-språket» mitt meint det som omsorgsfullt og oppdragande, politisk «korrekt» sosialdemokrati og ganske så kjedeleg. Som teater. Teateret er best når ein leikar med drama i grense-land, og der også ugne typar og umoralske karakterar og lurvete emne har sin rettkomne plass.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *