Kulturelle ungdomsrituale i mai!

Såg på 17. mai-toget i år. Såg på russen spele ut sin fest for skuleslutt! Russen må overgå dei i fjor. Må rope høgare. Sprute meir vatn. Kidnappe fleire. Vere i bittelitt friskare bakrus enn fjordåret. Kort sagt: Vise seg som uansvarlege vaksne på 19 år!

Dette var bakteppet mitt for å reise på konfirmasjonsgudsteneste. Der var 15-åringane oppstasa. Høgtidelege rituale. Alle generasjonar frå den yngste skrikande niese til gamlebesten.

Kva betyr mest av desse tre aspekta: Pengane? Det religiøse? Eller dagens tekst om at ”kjærleik til pengar er rota til alt vondt” og at vi ikkje skal ”samla oss skatta på jorda”!

Ingen av dei trur eg. Heller ikkje grøne lier i sola mellom blått vatn og blå bre i Haukedalen. Ja, for eg ville reise til ei lita bygd i konfirmasjon. Haukedalen hadde rekord-mange i år. Dei hadde fem konfirmantar.

Det viktigaste med konfirmasjonen i Haukedalen var familie-samkomene i høgtidelege rammer. Slekta som ser over gravene av sine. Tårer i unge augekrokar.

Konfirmasjon er stadfesting av dåpen. Og til det rituelle i kyrkja, så stod det naturlegvis mange hakk over den rølpete russedåpen dei skal i gjennom om fire år. Her las dei unge konfirmantane dagens tekst for heile kyrkjelyden. Nokre bittelitt hakkete. Men kjempeflott! Så flinke dei var! Dei skulle innviast i å ha ”lyset på seg”. Dei skal øve seg i å stå fram. Åleine. For slekt og sambygdingar. At presten og Gud var tilstades, trur eg faktisk betydde mindre.

Eg fornemma at familie-festen og det å ha fokus på seg sjølv er dei to viktigaste aspekta med konfirmasjonen i vår tid. Eg er usamd med dei som lettvint slår fast at pengane betyr mest har for dei unge. Dei har for mykje mistru til ungdomen. Gode relasjonar er nok langt viktigare enn pengane!

Eg tok meg saman for å høyre etter preika denne dagen. Det kan umogleg vere lett å vere prest ein slik dag. Ein skal fenge alle, når svært mange tenkjer på langt viktigare ting enn Vårherre!

Stein Oltedal var ledig i si leiing av Gudstenesta. Når han miste flagrande preike-manus frå preikestolen og når han i ein ledig tone fekk fart på ofringa etter at den stoppa av seg sjølv halvveges. Det er vel desse to litt humoristiske episodane eg vil hugse lengst. Han kunne ha preika skarpare over dagens tekst om Gud og Mammon. Men her vart han rituell og litt innlullande og utydeleg. Men han formante korfirmantar og Kyrkjelyd til å bruke oss sjølv – og pengane våre – til nytte og glede for andre. Ein mild prest leia konfirmasjonen og familefesten i Haukedalen!

Og til dei viktigaste. Konfirmantane. Kva vil dei hugse best? Den litt stive konfirmasjonen eller den meir rølpete russefeiringa om fire år? Eg er sikker på at konfirmasjonsdagen vil blenkje mest!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *