Alvoret gir den beste leiken

Naustdalstafetten – appell !!!!! I mai heldt eg denne appellen:

Appell på stafett-start! Til dykk som har spenninga i kroppen! Til dykk som skal sjå på – heie, skryte og trøyste!

Min appell har to ord: Stafett og leik!

Stafett er stafett heiter det, og kva anna kan det vere. Du spring for laget. Men stafetten er den lagidretten der individet synst så godt! Ein fotballspelar kan skulde på pasningar som er bak mål. Ein volleyballspelar på lurvete opplegg. Ja, til og med ein handballkeeper er prisgitt at forsvaret tek av for den verste støyten.

Stafett er også lagidrett, men du er åleine og synleg på di etappe. Det er vanskeleg å snakke seg i frå. Heldigvis!!! For det er dette som gir alle stafettar sitt særpreg.

Skulder ved skulder for laget. Men på din etappe er det: Skulder mot skulder!!! Derfor veit alle kvar dei var når Oddvar Brå braut staven!!!

Så til det andre ordet: Leik! Det er for mykje alvor i idretten no, seier somme. Vi treng meir moro! Eg er djupt og inderleg usamd! Alt skal vere så uforpliktande og morosamt heile tida. For nokre! Vi skal ikkje streve. Vi skal kunne le bort våre tap!! Idealet for nokre er å vere like bli om du taper!!!

Eg trur det er motsett: Du skal ha lov å verte skikkeleg skuffa om du taper! Og gle deg viss du vinn. Først når vi får alvor inn i leiken vert det skikkeleg leik! Tek du leiken på alvor, tek du hobbyen din på alvor, tek du idretten din på alvor – Då vert det leik. Den beste leiken – den beste leiken er når du spring for livet!

La meg forklare med eit døme: Nokre kler seg ut for å spele fotball – som om det er karneval utan fotballreglar. Dei kallar det uhøgtidlege leik. For meg er dette korkje fotball eller skikkeleg leik. Det er som å spele ludo med ein som ikkje gidd fylgje reglane og som ikkje gidd kjempe om å få seks. Kjedeleg!

Stafett derimot. No gjeld det deg på di etappe og for ditt lag. Den beste leiken har alvoret over seg. Kort sagt : Stafett! Lukke til!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *