Framifrå Balejazz!!!

Brazz Brothers og Odd Nordstoga. Bergen Big Band på utekonsert i sola på grasbakken mot Sognefjorden. Hot Club de Norvege. Ja, dei med ”Tanta til Beate”. Blide fjes, nøgde publikumarar og arrangørar. Og bygdefolk! Dette er heile bygda og heile fylket sin Balejazz!

Eg kunne synge den laaaaange songen om suksessen, men eg må også i all fortent ros få tipse om eit forbetringspunkt til neste år. Eg hadde gleda meg til Knut Reiersrud på laurdagskvelden, men den klubbkonserten gjekk i eit så ueigna lokale (Natthuset) at det vart ein liten nedtur i alt skrytet. Eit lokale der berre to ståande publikums-rader får kontakt med scenen, medan vi andre langt på veg vert kopla bort frå ”den levande” konsertopplevinga. Her er det duka for eit klart forbetringspunkt til neste år! Har de fått på plass ein av Noregs beste gitaristar, så er klubbkonserten også ”konsert” – ikkje berre ”klubb”! Eg er sikker på at proffe arrangørar tek fatt i dette.

Men Balejazz er ikkje berre musikk. To utstillingar vart opna på fredag. Kunstnaren Alexander Stub frå Bergen stilte ut grafikk (linosnitt) i Cooper-huset på kaia. Inspirert av Vestlandsnatur. Her var det både vårgrønt og haustraudt. Sterke fargar. Dekorativt, ja vel – men kanskje litt prangande. Det var bilete som kanskje kravde litt meir avstand enn dei får i det vesle Cooper-huset. Det er sterk lys- og fargebruk i bileta, men kanskje vart kontrastane i meste laget. Skal ein vere kritisk, så kunne ein også ynskt seg litt meir variasjon i utstillinga. Men alt i alt – ei fin utstilling.

I nabohuset heilt ned på kaia opna ei postkort-utstilling i regi av reiselivsmuseet. Det var ei flott utstilling tilpassa lokala. Den synte postkort frå Sogn frå 1800-talet og fram til no. Landskap, bygningar, båtar, folkeliv og kunst. Motiva var oppforstørra, og ein del baksider med helsingar var også oppkopiert. Kjekt å sjå og lese!

Sjølv stansa eg ved eit kort frå Revsnes Ferjekai. For få år sida så sentral. No ute or vegen og or tida. Kven av oss har ikkje venta på Revsnes?

Og den so trur at manipulering av bilete berre høyrer vår data-alder til, får innblikk i at dette ikkje er nytt på jorda.

Her kan du få historiekunnskap og innblikk i postkortet sin funksjon før sms og e-post. Reiselivsreklame og personlege opplevingar på eitt kort. Utstillinga skal stå i heile sommar. Kaien i Balestrand er verdt ein stogg, også no etter av tonane frå den særs vellukka Balejazzen har stilna.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *