17-mai-tradisjonen på Åfjorddalen!

Ein 60 års tradisjon pirra meg. I 60 år har dei spela skodespel på 17. mai i Åfjorddalen i Hyllestad. Dei spelar dei gamle spela i sjangeren ”Kallane i dalen”. Om gamle kallar og biske kvinnfolk. Om kåte ungkarar i alle aldrar og om trulause tenestejenter.

Eg reiste på Åfjorddalen for å sjå om ikkje dette berre er førkrigsstoff – utgått på dato. Men her er det kø på gangen og publikumsrekord i eit ungdomshus under påbygging. Stinn brakke og folk i alle aldrar på scenen og i salen. Ungane har kapra dei fremste benkane – yre av forventning. Den yngste ungdomen med fleire russ stiller på scenen.

Først to vers av ”No livnar det i lundar”, så ein blomekvast til trekkspelaren som også leiar dugnadsarbeidet med huset. Så er det skodespel. Dei tre berande rollane i stykket er dei to gamle kallane spela av Svein A Dale og Rolf Inge Akse. Tenestejenta spela av Mette Storehaug Nybø øser opp dei to bøndene til å bygge nye våningshus med sprutande fontene i hagen. Desse tre skodespelarane ber stykket.

Det vert kapp-bygging og hendelse. Så hissar tenestejenta og odelsguten på dei doktaren. Kallane vert truga med galehus og dei rømer til fjells. Då grip odelsguten og tenestejenta sjansen. Truloving med kurs for nye-huset. Ein god slutt for dei unge. Og lått og leven for alle.

Her er godt type-spel. Sjangeren innbyr til sjablongar og overspel. Slik også her. Det er det publikum kjem for å sjå. I 60 år på rad. Lokal klemming set ein spiss på stemninga. Publikum blandar nok litt på rollane på scenen og rollane i kvardagslivet i bygda. Nokre ler av stykket. Andre av og med skodespelarane. Dette er bygde-teater – både so og so.

Stykket kunne nok trengt litt meir innøvingstid. Ein del sufflering og litt ”lampefeber” drog ned tempoet av og til. Denne farseliknande sjangeren ropar etter tempo.

Mange vil hevde at denne teaterforma er utgått på dato. Men når eg ser spelegleda og spruten – ikkje berre frå fontenene i stykket – og ikkje minst den fullsette salen med nøgde bygdefolk, så er det grunn god nok til å halde fram. Dette er lett, morosamt og ”forutsigbart” teater. Kanskje ikkje særleg ”spennande”. Men det vinn på å vere ærleg teater i sine gammalmodige kostyme og tidsrette kulissar.

Slike spelstykke gir scenetrening til ungdom, og det kan spelast utan all verdas musikk og teknikk. Det fyller huset med folk og godlått 17. mai på Åfjorddalen. Og etterpå er det graut og pølse. Is og brus. Musikken spelar opp til dans for store og små. Dans utan dørvakt!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *