Festbrems i "russetid"

Når leiken går for langt kjem tårene. Hjå dei minste. Då treng dei eit fang og «totten» før dei er klar til nye tak. Eller ein kjedeleg pappa som ropar stopp! I tide! Er russen vaksne nok til å forstå dette? Eller rådmenn på langtur? Eller Terra-ristar? Kva tid høyrer vi ordet «omforlades»? I vår «russetid»? Den som ropar stopp er ein kjedeleg festbrems. Ingen ropar: Leve festbremsaren – Hipp hipp hurra!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *