Ibsen på låven

Juni Dahr gav oss teater på flatt låvegolv på Åmot gard i Bygstad torsdagskvelden. Deretter var det 6 rettars middag i godt lag i bestestova. Ei eineståande kulturoppleving i fjordafylket. Det handlar om 6 rollefigurar og Henrik Ibsen si forfattargjerning. Aktuell i dag. Over heile verda. Politisk kraft i tekstar om kvinner sine val. Om å verte. Om å gå.
Publikum er hovudsakleg vaksne kvinner. Prisen kan nok halde ungdomen borte, men kvifor dette ikkje er kvelden for fleire «karar» undrar meg.
Teater: Om Hilde som støttar sin byggmeister. Om den isolerte Hedda og den dansande Nora. Om fru Alving i Gjengangere, fruen fra havet og vikingkvinna frå Helgeland. I oppgjers-scener der dei tek val. Dette er drama. Ibsen skriv og Juni formidlar. Dette er «high-lights» som skal gjere folk interesserte. I meir Ibsen. Dette er noko heilt anna enn eit vanleg teaterstykke.
Enkelt formidla av ei kvinne i svarte sko – med gyllent belte på svart kjole. Femten kvite lys og fem små spottar får hjelp av sidesol frå vest. Ute ser vi Vestlands-naturen gjennom glasa. Scenografi i låvelys.
Juni er flink, og stoffet grip. Av og til vert det litt «teatralsk» overspel, men alt i alt ei fin framsyning. Etterpå går vi til festbordet, som endar i Nora sine «makroner til kaffien». Ute står aprilmånen høgt på nattehimmlen når vertskapet fyl oss ut på trappa. Teater-publikumet fortener nye «scenerom» i tillegg til dei tradisjonelle. Gratulerer – Åmot gard!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *