Eikås-skulpturar i ope lende

Byrkjelo får truleg skulpturpark. Kommunepolitikarane er redde for økonomiske forpliktingar, men ser ut til å vere mindre redde for om dei slepp til den ”gratis-kunstnaren” som ropar høgast – Stig Eikås.
Kommunal kvalitet vert handsama på ymse vis. Skal ein lage vassverk, så lyttar ein til dei som kan med røyr og vasstrykk. Skal ein bygge veg, så er det vegfolka sin jobb.
Kunsten har også sine kvalitetsvurderingar, men det hoppar kommunane ofte over. Kompetanse i kunstverda er vist mindre nøye enn på andre område.
La meg nemne tre faktorar som har lite og inkje med kunst-kvalitet å gjere – 1: Om statua er av ein kjendis i Columbus- eller Torsheim-klasse. 2: Om – eller i kva grad – kunstverket ”liknar på” kunstnaren. 3: Om folk kjem til å stoppe for å sjå på raritetane.
Skulpturar i offentleg rom bør underleggast kunstnarlege kvalitetsvurderingar etter gjeldande reglar. At Gloppen kommune ser ut til å gå i Førde sine fotspor tener dei til lita ære.
Torsheim-statuen i Førde vart rett nok kunstfagleg godkjend i ettertid – etter det som kan kallast ein lurvete prosess under framprovosert tidspress. Det endrar ikkje på dette at folket trykker den folkekjære kunstnaren Torsheim – og statuen av han – til sitt bryst. Det må aldri verte motivet som skal avgjere kva som kan vurderast som kunst!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *