Breim-kabaret med Sigrid i spiss

Breimskoret avslutta søndag kabareten ”Gyllen tid” for fulle hus. Breimskoret byr på seg sjølv og gjer det med sjarm, og med Sigrid i spiss. Den proffe Breims-jenta Sigrid Moldestad er gjesteartist. Ho er i særklasse – musikalsk og scenevand – som ein spelmannsprisar skal vere. I tillegg syner ho at ho også beherskar revy. Ho leverer showet sin beste monolog.

Breimskoret har laga kabaret med 22 songnummer. Eitt nummer har fått ”lokal revytekst”, medan dei andre går med orginaltekst. Dette er kabaret med revyliknande samanbinding i mellom songane. Regien er enkel og fin. Grepet er å synge songar frå den store ”festtida” i Breimshallen på -70 og 80-talet. Ramma rundt kabareten er opprydding i Breimshallen, og temaet i mellomtekstane kretsar rundt førebuing til fest og håp om kjærleik. Om kjærleikssorg, slengbukse og fyllekøyring. Om sjekking på ”dei tre siste”. Frå tida før SMS og øl i butikk. Frå den tida ein kunne røykje inne og drikke ute. No er det som kjent omvendt!

Dette er ein kabaret som nesten like gjerne kunne vore ein rein konsert. Men i Breim gjer dei dette ”vesle” ekstra som hevar det til ein KABARET. Dei vel tema og tråd. Dei har regi og flyt. Dei har flotte kostymer og sminke. Men viktigast av alt: Dei byd på seg sjølv. Dette er god og ekte bygdekultur. Og med ei heimvend stjerne, så må det berre verte publikums-suksess.

Dette er kabaret som ikkje skal samanliknast med lokalrevy. Dei revyprega innslaga mellom kor-nummera vert ofte flate og repeterande. Dei dreg også litt ned tempoet i framsyninga. Som elles har fin flyt i skifta.

Skal ein bedømme dette som rein kor-prestasjon, så er kanskje ikkje Breimskoret det mest presise. Men dette skal ikkje bedømmast som korsong eller revy. Det er kort og godt Breims-kabaret. Det er ein eigen sport i dugnadsbygda Breim. Og der er Breimskabareten suveren. Dei syner herleg speleglede. Dei tek sitt publikum. Dei fyller hus etter hus. Dei tek eit kultur-løft og tener inn heile årsbudsjettet til koret på to helgar.

Eg var i Breim, medan andre var i Oslo og opna opera. Eg har lagt merke til at operaen hyller distrikta, og dreg fram Eid-operaen og dei slepp til eit operakor med ein songar frå kvar kommune – noko som sikrar fine og folkelege oppslag i alle lokale medie. Det er kløktig og bra. Eg skal vere varsam med å setje det eine mot det andre. Eg slår kort og godt fast at eit entusiastisk lokalt publikum betalar 250 kroner for å halde sitt lokale kor i levande live. I distrikta må vi lite på oss sjølve, og så får vi gjere ein snu innom Bjørvika når vi er i Oslo-bygda. Der må vi først betale over skattesetelen, og så løyse billett att på.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Breim-kabaret med Sigrid i spiss

  1. solgunn sier:

    Breimskoret fyller breimshallen til randa på fire forestillingar og kunne gjerne klart å fylle salen igjen om dei hadde fleire forestillingar. Kurt Nilsen med band spelte i Aulaen på Sandane fredag kveld, og klarte kun å trekke halvfull sal!! Det e merkelig!! Eg var på begge og storkosa meg!!!

  2. Tilbaketråkk: Bookmarks about Spiss

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *