Rådmenn på tur!

Rådmenn med ekte og uekte ”feller” på utanlandstur for andre si rekning er pirrande. Korrupsjon? Neppe! Toskeskap? Utvilsamt!
Men vi må ikkje blande dette med ein ordførarmiddag i ny og ne. Om nokon vil spandere ein middag i samband med påverknad, så er ikkje det kriminelt – korkje for den som betalar eller for den som et.
Påverknad er ein del av demokratiet. Lobby-istar frå næringsliv – så vel som frå ”Utbygda Vel” og andre Dalsfjord-bruer – er ein del av systemet. At ein må ete fyrst er tradisjon – i alle fall i Sunnfjord. Vi må vere rause. Og ikkje gnitne. Med våre kommunale leiarar i deira «grå» kvardag.
Den som går utanfor folkeskikken – får svi. Samfunna våre er gjennomsiktige. Problemet er truleg lite. Vi må naturlegvis passe på dei som ikkje greier å passe seg sjølve. Passe på – utan å verte gnitne!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *