Gutane dansar på scena!

«Dans utan grenser» laga show i Sogndal og Florø i helga. Dei 35 dansarane heldt show med humor og trøkk. Det var danseglede og drama. Noko var uferdig, men det meste var stamt.
I Sogn og Fjordane har jentene «rula» danseverkstadane i over 10 år. Gutar har hevda seg sporadisk. I helga såg eg noko nytt. Gutar i break-dans! Endeleg kom karane på scenen. Dei tek opp tradisjonen frå halling-dansarane på ein ny måte. Mjukt. Frekt. Maskulint. Dei demonstrerer styrke og kåtskap! Dei går ikkje berre på hendene. Dei dansar på «ei hand»! Balestrand, Høyanger og Førde: De får sjansen å sjå det denne veka. Kva tid får vi sjå meir av dette i «Ungdomen Kulturmønstring»?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *