Jarl Iversen degradert – Randi F tek toppen!

Klikka borti 8-mars-bedatten mellom mediesluggerane Anne Mette Hjelle og Randi Førsund. Når ein ser bort frå sjukehus- og samferdsle-saker, er det sjeldan at vi når slik temperatur på lokalsendinga. Takk!
Men denne bloggen handlar mest om Jarl Iversen – mannen som alltid snakkar om sitt eige rullande slakteri i ein kvar debatt uavhengig av tema. I fylkesmeisterskapen i klassen for uthaldande debattantar ser Randi Førsund ut til å vere uslåeleg. Randi og Vikingfilmen er nummer ein! Basta!
Sjølv tuslar eg rundt og gled meg over eigne små prosjekt. Som folk flest. Gled meg over ørsmå framgangar. Døyver mine tap på seige skogsturar. Det vert ikkje «slakt». Det vert ikkje «film». På meg.
Men for ein respekt eg har. For dei «sta og uthaldande» som går for prosjektet sitt. Utan kompromiss. Som Hillary. Ho som gir gass når mange av dei nærmaste seier at ho bør gi seg. Eg brødfør meg som konsulent, og når Hillary ringer – så har eg alt notert eit par visepresident-kandidatar på blokka!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Jarl Iversen degradert – Randi F tek toppen!

  1. Pål B sier:

    Takk ?
    Debatten er kansje beviset på at sterke kvinner ,er kvinner som er seg sjølve verst. Det var ikkje flott eller bra, men berre pinleg å høyre på Anne Mette Hjelle og Randi Førsund. Du seier takk eg seier nei takk…… Rødme

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *