To skilte menn – på Sof Teater

Torsdagskvelden var eg på generalprøve på «To skilte menn» av Maria Lundberg. I rollene finn vi dei to nyskilde skodespelarane Fredrik Steen og Roger Hilleren – som også har kome med ideen til stykket.
Vi kjem inn i salen og to lukka store skap står på scenen. Skapa opnar seg til to krøble naboleiligheiter for dei to nyskilde kompisane. Scena gav kjensla av «ut av ekteskapet» og «inn i det trangbudde åleinepappa-skapet». Scenografien funka.
Stykket si sterkaste side er leiken og skiftingane. Skodespelarane gir oss ein leiken introduksjon til stykket, dei inviterer publikum med i spelet på ein litt «stand-up»-prega måte, men utan at det vert påtrengande. Dei varierer frå ettertenksame monologar, til sprelsk karikatur av deifråskilde konene. Spelet er frodig, og dei torer å leike med stoffet.
I stykket vert skilsmisse-stoffet heldigvis utvida ein del. Det handlar mykje om vanlege tilhøve i venskap og kjærleik. På godt og ilt. Kranglane mellom dei to kompisane liknar til forveksling på kranglinga i parforhold og mellom nyskilde. Ja, dei nyskilde karane vert til og med sjalu når den andre prøver seg på nytt kjærasteri.
Når «nyskilde» skal spele «nyskilde» kan fort tema og spel verte litt forpåtrengande og privat. Men her synest eg stykket og skodespelarane kom seg nokolunde heilskinna igjennom. Likevel forvirra dei litt med å brukerollenamna «Fredrik» og «Roger» som er identisk med førenamna i deira. Her kunne avstanden til stoffet med fordel vore markert litt meir.
Tilhøvet mellom mann og kvinne og ved skilsmisse innbyd til klisjear og den gnissinga vi alle kjenner til. Såleis vart stykket litt på det jamne. Til å kjenne att. Ja vel. Men lett «forutsigbart» og midt på treet. Det var ikkje eit stykket som heldt publikum i grep. Men det var eit leikent og humoristisk stykke om alvorlege emne. Og når dei greier det, så er kanskje målet nådd. Alt i alt eit lett og humoristisk stykke gjennomført avskodespelarar med overskot.
Stykket var skrudd saman av mange små scener. Denne regien funka bra, og det var rimeleg lett å fylgje den litt lause tråden. Men slutten kjem ofte litt brått på i slike tablå-stykke. Slik også her. «To skilte menn» går med lette steg gjennom stykket. Så er det brått slutt. Stykket innbyd ikkje til den store ettertanken. Men vi fekk oss meir enn ein god lått. Og det var kanskje det viktigaste denne kvelden?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *