Musketearane i Fjaler brukar sjikanen i "eige forsvar"

Anonyme trugsmål og skuldingar vert meir vanleg i politisk debatt. No sist veke gjeld det eksklusjonsaka i Fjaler SP – etter at tre røynde SP-folk støtta AP sin ordførarkandidat framfor sin eigen.

Men først vil eg kommentere den generelle debattstilen i fylket. Aller først må vi dele debatten i to. Der avsenderen står offentleg ved sitt angrep, og så det klamme og anonyme. Altså: Til den opne debatten: Vi tener alle på at den er sakleg og direkte – gjerne hard. Særleg må personar i styre og stell og andre med makt og i media tole ein støyt. Viss nokon då med eller utan vilje skulle vere for hard, så vil dette oftast spele tilbake på ”sluggeren”. I den offentlege debatten synest eg folkeskikken styrer det bra, og slik skal det vere. Og viss du synest at nokon treng forsvar – eller skjenn – , så er det berre å rykke ut. Det frie orde bør vere så fritt som mogleg. Lova set grensa for det kriminelle med paragrafar for injurie og rasisme.

Så til anonym skitkasting som kan ha overslag av grunnlaus sjikane og trugsmål. Den kjem som fylleprat på nattlege telefonar frå skjult nummer, og på dei klammaste sidene av internettet. Dette er alvorleg, fordi det kjennest hjelpelaust å forsvare seg mot. Den anonyme spreier frykt med sitt feige spel.

Eg skjønar at den som vert utsett for slikt kjenner det vondt, og treng å snakke om det. Men eg trur at det meste av denne praten bør gå føre seg på ei armlengdes avstand til media. Fordi eg trur at det berre er dei som driv med anonym sjikane som tener på det. Kort sagt: Det som måtte vere kriminelt får vere ei sak for lensmannen. Det andre bør ein så langt som mogeleg få snakke ut om i fortrulege grupper. Det er ikkje sikkert at det tener ein sjølv, demokratiet eller den offentlege debatten at dette vert smurd utover avissider eller gitt store sendeflater på eteren. Media har også eit ansvar for at notisen får lov å vere ein notis, og ikkje nødvendigvis eit hovudoppslag.

Resonnementet mitt er slik: I det virkelege livet vil det alltid finnast feige idiotar. Når 99% av debatten er skapeleg og sakleg nok til å leve med: – kor mykje tid skal vi då bruke på den eine prosenten med anonyme idiotar? Denne plaga vert vi aldri heilt kvitt, og min medisin er fylgjande:
– Open, sakleg og frisk debatt om dei viktigaste emna. Dette er alle sitt ansvar, med ei spesiell helsing til ”makt og media”.
– Den som vert utsett for anonym sjikane, må snakke ut med fortrulege. Vurder nøye om kven som tener på at sjikane-saka kjem i media
– Til media: viktigare enn å smørje sjikane-saker utover framsider og sendeflater, er det å fremje sakleg debatt.
– Det kriminelle får politiet ta seg av.

Kort sagt: Det meste av debatten føregår offentleg og innanfor visjonen om ”det frie ord”. Dei få anonyme idiotane kan med fordel teiast i hel!

Til slutt vil eg setje det skrå lyset på ei litt sær side ved det å gå ut offentleg å fortelje om sjikanen: Ein vrir debatten bort frå saka og over på eit spor der ein kan vinne sympati. Ein del rutinerte ”sluggerar” kan bruke det at dei vert sjikanert – bruke det med eller utan medvit. Anonym sjikane kan brukast til sitt eige offentlege forsvar. Det er ein indirekte måte å stemple motstandarane sine på.

Eg kan ikkje vite om det er slik, men det slo meg når eg såg dei tre rutinerte og ekskluderte SP-karane i Fjaler rykke ut. Bevares, dei har same rett på rettstryggleik og sakleg debatt som alle vi andre. Men utspelet deira syner tydeleg at anonym sjikane kan brukast til mange føremål – i alle fall dei tre ”musketarane” som lever etter valspråket: ”Ein for alle – alle for ein”!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *