Fredagsbøna i Førdehuset!

Fredag var eg på Islamsk Fredagsbøn i Førdehuset. Fyrst må det seiast: Eg lurte litt på om eg var velkomen dit for å lage ei kultur-melding. For meg er ei bøn og ei ”Gudsteneste” ei kulturell yting. Det handlar ikkje berre om det personleg religiøse. Eg bad meg heim til leiaren for islamsk senter ein kveld. For prat. Ei vitjing av fredagsbøna viste seg å vere særs velkomen. Muslimane ville ha meir kontakt med folket i fylket, sa han. Eg fekk nokre få råd om ”folkeskikk”: Ikkje sko på teppet og ikkje å stå skulder med skulder med muslimane under sjølve bøna. Elles velkomen og fritt fram.

Ei litt rar oppleving å nærme seg Førdehuset denne fredagen. Vaktmeistrane ryddar romet for stolar og kvelvar bord over bord slik at det vert meir golvplass. Muslimane rullar ut det store bøneteppet. Røystene senkar seg. Menn kjem til. Sko og ytterklede av. Inn på teppet. Nei, først må retninga på teppet orienterast mot Mekka. Så er det klart for ein personleg førebuing for bøna. Dette er den første av dei tredelane i fredagsbøna. Menne helsar til høgre og venstre skulder, og eg får vite at der sit to englar som skriv ned dei gode og dei dårlege gjerningane ein gjer gjennom livet.

Ein mann med langt mørkt skjegg startar forsiktige bønerop. Dei tilsette på Førdehuset dempar seg på gangen. Døra vert laten nesten att. Etternølarane finn vegen inn. Bøneroparen har nok ikkje fått jobben på grunn av det frodige skjegget, men på grunn av si vare og melodiøse røyst. Bøneroparen er nok nærast å samanlikne med vår ”klokkar”, eller føresongar. Bøneroparen kan ikkje vere imam, understreka dei. Vel, som hjå oss kan ikkje klokkaren vere prest under preika. Her er nok mykje like ritual.

Etter vakre melodiøse bønerop og personleg bøn, er dei klart for hovuddelen av fredagsbøna. Leiaren for Islamsk Senter er frå Afghanistan. Han er skriftlesar. Dagens tekst frå Koranen handlar om at Mohammed set krav til dei som er med på bøna. Krava går på god oppførsel og å syne alle respekt. Ein skal ikkje drepe. Ein god muslim skal verre snill, ærleg og høfleg. Tekstlesaren les teksten med innleving. Sjølv om eg ikkje forstår språket så kjenner eg den poetiske stemninga. Karane på bønneteppet er lydhøyre og konsentrerte. To smågutar som er med pappa sin, Dei sender meg leikande augnekast, men blikket frå faren er nok til at dei held seg i ro. Gutane får skriftlesing og formaningar som vi fekk i min barndoms søndagsskule.

Så tek imamen over. Han er frå Somalia. Han leiar bøna, og no stiller karane seg skulder ved skulder på rekker. Dette symboliserer det likeverdige i bønesituasjonen. Her står dei side ved side frå mange land og frå mange raser. Folk frå Afghanistan og Somalia bøyer seg i bøn og fellesskap med folk frå Balkan og Tetsjenia, frå Irak og frå Kina.

Så går fredagsbøna over i den tredje og siste fasen. Nokre held fram med personleg bøn, medan andre dreg seg ut av teppet. No er det litt småprat, helsing og klemming. Dei finn skorne og yttertøyet vert henta ned frå bordbeina på dei snudde klasseroms-borda. Bordbeina har tent som stumtenarar og kleshengarar i det islamske bøneromet i Sogn og Fjordane. Bøneromet liknar eit klasserom. Her står ei tavle. Ein stor CD-spelar er stabla opp saman med ein overhead-prosjektor. Førdehuset er multikultur, men dette bøneromet er korkje våre nye landsmenn eller kulturfylket vårt verdig.

Eg spør om kvar kvinnene er. Eg får svar om at kvinnene og heile familiane er på festen etter fastemånaden Ramadan. Då er kvinnene også med på med bøna. Men under bøna har dei ”ein gardin” i mellom, slik at kvinner og menn bed i kvar sitt rom. Det reine mannsmiljøet er det mest framande med fredagsbøna – sett med mine auge.

Likevel: Muslimane lagar ei verdig fredagsbøn i omgjevnader som ligg langt unna den ramma som er vanleg i norske Guds-hus. Ei litt rituell og stivna kulturhending målt med våre norske mål. Utan musikk og allsong, men med vakre syngande bønerop og prega av samhald og ro.

Fredagsbøna er mannsfelleskap med religiøst hovudinnhald, men den er også prega av å støtte kvarandre i eit nettverk. Slik fungerte vel også praten på ”Kyrkjebakken” her hjå oss før i tida?

Eg kjende også stemninga av ”samhald i framandt land”. Eg kjende litt på stemninga eg opplevde ved eit besøk hjå ”sons of Norway” i Seattle for nokre år sidan. Her er nokre fellestrekk i ei blanding av religion, kultur og innvandring.

Det er lett for oss ”norske nordmenn” å sjå på muslimar som ”ein sort folk” som står for ein ting. Det er lett å setje dei i snevre båsar. Men eg stilte meg eit spørsmål på veg ut: Kor mange kultur-arenaer har vi her i fylket – der folk frå mange kontinent og rasar møtest til fellesskap kvar einaste veke? Vi skal kanskje tenkje oss om, og spørje om det kanskje er vi ”kvite og norske” som er mest snevre?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Fredagsbøna i Førdehuset!

  1. jadajada sier:

    Hei

    Vi har ei haug med kyrkjer som snart står ledige og vil verte utan vedlikehald.

    Er det ikkje mogekeg at du Reite kan stille deg i spissen for at ei slik ei kan hentast inn som tømmerkassedeler transporet med chinook?

  2. Sigbjørn L. Torpe sier:

    Takk, for ein flott artikkel som viser innsikt og er balansert med nokre referansar til kristendom. Artikkelen er i alle fall gjenkjennade frå eigne observasjonar, som gjer at det du fortel er truverdig.

    I revysamanheng som du sikkert har lagt merke til? Du kan i alle fall stadfeste, at karakten eg spelar i revynr. Lyden frå….(Førderevyen 2007) ikkje er noko som eg har funne på sjølv.

    Eg vil rå deg til å prøve å fått publisert artikkelen i Firda.

    Mvh.

    Revyven.

  3. Hans Jakob Reite sier:

    Til jadajada!
    Poenget mitt var kultur og stemning. Ikkje nødvendigvis bygning.

    Til Sigbørn LT:
    Takk for svar. Om kanal: Eg held meg vel til ein kanal om gongen og no er eg på det doble radio-blogge-sporet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *