Rolig, Peken, rolig nå!

Ja, det er tittelen på vandreteater på Høyanger Industrimuseum. Premiere onsdag 30. januar. Her får vi møte to figurar: Direktør Klaumann og arbeidaren ”Peken” frå pioner-tida tidleg på 1900-talet – ein artig oppdikta type. Peken har naturlegvis utnamn (kallenamn) på ekte Høyangervis. ”Peken” fordi han peikte folk heilt opp i nasa når hen argumenterte. Ingen torde å bruke kallenamn på direktør Klaumann!

Vi fekk presentert klasseskiljet i bygda i eitt og alt. Dei skildra kampen mellom dei to idrettslaga. Idrettsforeninga til ”fiffen” og arbeidaridrettslaget Falken. Dei skildra brakkeliv og streikar om løn og arbeidstid.

Teksten til vandreteatret er skrive av Rolf Losnegård, i rollene er det to amatørskodespelarar. Karstein Larsen som Peken, og Rune Strandos som Klaumann. Amatørskodespelarar ja vel, men proffe industriarbeidarar i det daglege.
Litt stivt spel og prega av premiere – naturlegvis. Men dette kjem til å mjukne opp når framsyninga får setje seg. Karstein Larsen har nok lettaste jobben – for typen Peken gir mykje variasjon å spele på. Peken vert nok Høyanger-kjendis.

Det tredelte regigrepet til Losnegård er interessant. Dei to skodespelarane spelar roller der dei spelar typar og konfliktar mot kvarandre. I ein annan del riv dei av seg huve og hatt og er forteljarar til publikum. Det tredje måten er å involvere publikum. Døme: Dei let publikum få små roller i lønsforhandlingar og demonstrasjonstog, eller til og med spele krigsfangar som ber ut ei udetonert bombe frå fabrikken etter engelsk bombing under krigen. Overfor skuleelevar fungerte dette fint. Dette er krevjande skiftingar som skodespelarane taklar godt.

Det var også spennande og uventa, når flyalarmen gjekk og fungerte som innleiing til sekvensen om Høyanger som tysk fylkes-hovudkvarter under krigen. Aluminiumen har vore viktig i krig og fred.

Industrimuseet fungerer fint som teaterscene for små grupper. Vandreteatret tek museums-utstillingane aktivt i bruk som scenografi. Her illustrerer dei det trong-budde samfunnet i brakke og i små nye hus. Vi vert sett attende til tida med brune mjølkeflasker og store manuelle telegrafstasjonar i kontrast til våre brettbare pappkartongar og mobiltelefonar.

Men speleromet byd også på vanskelege utfordringar, då det kan verke litt forvirrande. Framsyninga ber preg av å vere eit samarbeidsprosjekt retta mest inn mot skuleelevar og formidling av lokalhistorie. Av og til vart det i overkant forklarande ”overpedagogisk”. Det fungerer best når skodespelarane er mest leikne. Typespelet. Det er nok leiken som er det store fortrinnet til denne forma for forteljarteater.

Framsyninga skal synast for skuleelevar og på opne dagar på museet. Ved litt tilpassingar til eit meir vakse publikum vil nok dette fungere fint både for lokalbefolkninga og grupper av turistar. Dyrkar dei leiken og typespelet enno meir, så kan dette verte ein atraksjon. Eg trur vi vil sjå meir slik teater-formidling i fylket framover. Og Høyanger er i spiss. Alle ære til dei!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *