Russen ”På Firda”!

Eg har vore i det mest ærverdige kulturromet i fylket. På høgde med Urnes Stavkyrkje. Kanskje vel so det. Eg har vore i aulaen ”På Firda”. ”På Firda” er korkje Avishuset Firda eller Firda Billag. ”På Firda” tyder Firda Gymnas” – Landsgymnaset” – no Firda vidaregåande.

Russe-revyen ”på Firda” skil seg ut positivt med den proffe framføringa. Her har musikk- og skodespel-talent frå fylket samla seg – og her er dei godt fostra. Her kan dei både snakke teksten tydeleg ut og dei har kontroll på lydanlegget.

Alt verkar gjennomtenkt og dei er ikkje redde for at publikum skal måtte tenkje. Underfundig humor framfor det lettvinte og plumpe. Dette var ein russerevy med så lite undebukse, at det nesten var eit sakn. Men russe-gutane fekk seg eit rumpevrikk-nummer, så førsteklasse-jentene skulle verte imponerte. Om dei vart det – er ei anna sak.

Lærar-parodiar er kjekt i russerevyar. Her baud russen på mykje godt ”typespel” utan å verte for interne. Ei overivrig skuleleiing som vil utvikle beste skulen i landet i trvselshagen sin, vart skildra med kritisk blikk og varme. Godt gjort.

Det mest humoristiske nummeret var tre lærararar som laga drama med kvar sin over-head-prosjektor. Her var det komikk om teknikk og menneskeleg sjølvhevding.

Eit nummer om rollebyte var også intelligent laga. Det var om kultursnobbane frå Oslo-kanten som fekk besøk av avkommet som hadde flytta til gardsdrift i Gloppen. Dette var eit fint apropos til ”flytt-heim” debatten i fylket. Nummerer vart grundig og unødvendig forklart mot slutten. Det trakk litt ned, men det er lett å verte freista til overspel.

Eg likte også særs godt ein sketsj om to pingvinar som hadde mist pol-isen sin i varmen. Dei vart berga, men hadde lite solidaritet å syne til andre truga artar. Ein elegant måte å kommentere miljøproblema på. Pingvinspelet til Lene Sunde Leirvåg var av første klasse.

Litt minus: Tekstane kunne ha vore jamnare, og det kunne vore lagt meir i lyssetjing og kulissar.

Oppsummert: Dette var ein underfundig revy, ikkje alltid laga for å lokke fram gapskratten. Til alle unge som vil til Sandane på vidaregåande. Dette såg bra ut. Og til alle gamle Firda-elevar som mimrar over gamle dagar i kulturvogga ”På Firda”. Russen på Firda kan og vil framleis.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *