Hurra for Kulturskulen

Førde Kulturskule feira bursdag torsdagskvelden. 20 år og myndig. Vaksen på sitt vis. To kulturskulerektorar hadde klatra opp i «Muppetane» sin posisjon høgt på veggen. Eitt breit utval av dei over 400 elevane synte fram sitt i musikk, bilde på stor bakskjerm og den nye teatergruppa synte oss «dei 20 åra på fem minutt».
Born og unge får proff hjelp til å dyrke sine talent og si interesse. Leike seg. Vere alvorlege. Syne det fram. Kulturskulen gjer Førde til ein betre plass å bu. Slik dei andre kulturskulane gjer kvar på sin stad i fylket. Men torsdag var det Førde sin tur til å feire ein «baby» – oppfostra til vaksen under trussel av kommunal sparekniv. Framsyninga var så godt sett i scene at ein pressa det inn på to timar med skapeleg flyt. (pust ut!)
Framsyninga hadde fortent kø på døra i storsalen i Førdehuset. Men nei. Alt for mange i Førde ser ut til å ta det feite kulturtilbodet for gitt. Men vi som var der reiste oss raskare i ståande applaus enn det publikum til vanleg gjer i Førdehuset. Så då så!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *