PRØV EGILS FEITE SLANKE-OMELETT

[kml_flashembed movie="http://www.youtube.com/v/6p7rJjqIl8E" width="425" height="350" wmode="transparent" /]
Etter snart 4 veker har eg vore både på vekt og målt med målband rundt livet. Og det minkar begge plassar. Vekta er redusert med mellom 1,5 og 2kilo – varierer litt, som truleg skuldast både trening og omstilling av kroppen. Men det mest fantastiske er at eg kan eta godt, og at eg no er begynt å eta ting som eg var slutta med for å gå ned i vekt.


For eksempel kremfløyte i kaffien, majones, sæterrømme og meierismør. Eg tillet meg ei tynn skive med masse smør til frukost, men ha kutta poteter,ris og pasta. Vispa krem med frosne bær går og ned og er ein naturleg del av dette lavkarbo og fettrike kosthaldet.

Her er korleis eg lagar ein omelett med mykje fett, d.v.s det er Johnny Laupsa Borge som har lært meg dette:

Smør i steikepanna.
Deretter litt finhakka grønsaker, t.d purreløk og paprika.
Visp 5-6 egg saman i ein bolle
Ha i krydder etter eige ønskje, litt riven ost, 2 spiseskeier UDO’s choice planteolje og litt rømme.
Visp godt og hell over grønsakene på steikepanna.
Ha lokk over steikepanna og set på svakaste varme på komfyren.
Det tar ei stund, men omletten blir både luftig og kjempegod når den får kosa seg på lav varme.

Prøv sjøl – omelett med masse fett!

[kml_flashembed movie="http://www.youtube.com/v/gsQ9AroajNY" width="425" height="350" wmode="transparent" /]

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til PRØV EGILS FEITE SLANKE-OMELETT

  1. Ruth Giæver-enger sier:

    hei,
    Bare stå på Egil! Jeg gikk ned 6-7 kg på ca 1/2 år for 3 år siden ved å følge «fet mat» kuren. Så jeg vet at det virker. Jeg drikker ikke mye øl, men vin går helt greitt!!!!
    Lykke til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *