Frå Jølster tilbake til Zep

Når tjue tusen menneske verkeleg ynskjer seg noko så blir det bra. Når gamle heltar leverer topp vare blir det endå betre. At musikkindustrien i dag har si fremste målgruppe i 70-tals inspirerte kjøpesterke 40-åringar, er heller ikkje ei overrasking. Difor vart reunion-konserten med Led Zeppelin ein voldsom suksess.

God gamal vare i ny innpakning sel som aldri før. ”Mothership is coming” sa reklamen. Og biletet som følgde ”mothership” var Zeppelin-luftskipet. Metaforen var etablert. Led Zeppelin spelte fletta av publikum når dei etter 19 år valde å opptre saman i O2 Millennium Dome i London i desember. Eit publikum frå 50 ulike nasjonar verda over. Dette gjorde Jimmy Page, Robert Plant, John Paul Jones og Jason Bonham, son til Jon ”Bonzo” Bonham, for å minnast grunnleggjaren av Atlantic Records, Ahmet Ertegun. Konserten var forrykande, historiske oppvarmingsartistar som Bill Wyman, Keith Emerson og Paul Rodgers frå Free gjorde også sitt.

Led Zeppelin var verdens største band i 1970-åra. Mange meiner dei er det framleis. Ingen over, ingen ved sidan. ”Hammer of gods”, og ”Giants of rock”, er vanleg brukte karakteristikkar når musikkblad som Classic Rock, Mojo og Uncut skriv om Zeppelin i dag. Sjølv spelte eg platene I, II, III, IV, Houses of the holy og Physical Grafitti så det berre ljoma ut av takglaset og utover Jølstravatnet frå guterommet mitt på sørsida av Jølstravatnet i 70 og 80-åra. På 4H-leirane gjekk det i Zep mellom telta frå batteridrivne Ghettoblasterar. Eg er Eli, Eili og Ann Kristin frå Sandane evig takknemleg for at eg den dag har ei dongerijakke med eit kunstnarleg måla Led Zeppelin-motiv på ryggen. Ei jakke kona mi fann fram til 40-årsdagen i 2003, og som eg måtte tre på meg, (trongt), for deretter å synge ”over the hills and far away i Gjesthalla på Vassenden.

The Song remains the same

Musikkindustrien kjempar i dag i motvind. Ungdomen kjøper ikkje, dei lastar. Konsertarrangørar kjempar mot svartebørshaiane. Mediemangfaldet gjev oss konsertar og musikk heile døgnet. I april i fjor vitja eg Virgin Megastore på ”The magnificent mile” i Chicago, ein av dei største og beste musikkforretningane eg har vore i. Eg kom tilbake i oktober, og oppdaga at butikken var nedlagt. Eg spurte naboane som dreiv klesbutikk om kva som hadde skjedd. ”You know, they dont sell CDs and DVD’s anymore, it is a to hard competition from the internet”. Difor opplever vi i alderen mellom 35 og 50 ein gullader når det gjeld nyutgjevingar. Vi kan kjøpe gamle plater i ny innpakning i fleng ”digitally remastered”, og industrien veit at vi elskar nettopp dette. Når Led Zeppelin har utgjeve på ny storkonsertfilmen frå 1976 ”The song remains the same”, så er det nettopp dette det handlar om. Vi likar så godt å høyre den same songen og sjå dei gamle platecovera i nye og friske fargar. The song remains the same !

Over the hills…

Harvey Goldsmith, arrangør av ”The Ahmet Ertegun Tribute”, hadde gjort ein god jobb får ta knekken på svartebørshaiane denne gongen. Dei la ut dei 20000 billettane som eit internasjonalt lotteri, der du måtte registrere deg på nettet, og deretter vone på trekninga for å få lov til å kjøpe 2 billettar. 20 millionar registrerte seg, og eg fekk heller ingen billett på første trekning. Først når dei la ut ikkje betalte billettar frå første runde, så fekk eg ein mail den 5. desember om at eg hadde vunne 2 billettar. Som sjef for tilsynet med alle lotteri og pengespel her i landet, veit eg sjansen er liten for å vinne to av dei siste billettane som vert lagt ut. Det er omtrent som ein ”lotto light” premie i statistisk forstand. Min reisekamerat og nabo frå sørsida av Jølstravatnet, Hr Paulen, er ein mykje meir rutinert konsertgjengar. Dette året har han så langt greidd Motorhead, Springsteen, Rush, Waterboys, Rolling Stones, Steely Dan, Elvis Costello, og Turboneger. Eit program som kan ta pusten av dei fleste. Han oppsummerte Zep-konserten i London slik: ”No er det gjort. Det er ikkje meir å hente, dette var den ultimate musikkopplevinga som heilt og fullt stod til forventningane. Og han la til: ”Det er forsovidt gledeleg at blant oss 40-åringane så var det mange tenåringsjenter som stod der og rocka til gamle Zep-låtar. Kanskje byrjar dei å kjøpe plater etter dette.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *