Rein fart

Det er det det er snakk om. Det er berre fascinerande når du står auge til auge med 2010- state of the art racingsykkelteknologi: Dette er fullt fokus på ein einaste ting: Fart. Fart, fart, fart. Tryggleik? Det er for pyser. Komfort? Det berre ler vi av. Om gylla sprutar oss midt i fjeset, fordi vi ikkje har forskjerm? Det er sånn det er. For her skal det gå unna, Gunnar…

Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Landeveiens skrekk

Dei sa buksa var storleik XXL

Dei sa buksa var storleik XXL

No er det flammeraude lynet komen i hus. Ein TREK 2,5 CE  til nesten 18 000 kroner. Frå Førde sport. Fy fader, eg fekk nesten skjelven då eg sykla første turen på han.

Det seier seg sjølv at når ein skal syne fram noko slikt på jobben, må det skje med ein viss stil. Sjekk korleis det tok seg ut då eg sykla inn i redaksjonen i spekepølse-kostymet mitt:

(Vi åtvarar mot sterke scener i videoen): watch?v=vMCaCc7RX70

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Sjølvsentrert? Eg?

Ein blir ganske sjølvsentrert av å all denne trenings- og kostholdsfikseringa. EG blir i alle fall det. Vil du lese meir om det, så trykk på «Les resten av dette innlegget»  rett under denne setningen.   Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Nye vener

...og eg kan bevise det.

...og eg kan bevise det.

Tirsdag stoppa det ein heil gjeng heime hos meg. Dei ville ha meg med i klubben sin… Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

På gjengrodde stiar

Omtrent halvvegs oppeKorleis hamna ho der? Les resten av dette innlegget, så skal eg fortelle deg ei sentimental historie:

Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

LES RESTEN AV DETTE INNLEGGET!!!!!!!

I artiklane nedanfor står det med blå skrift: Les resten av dette innlegget

Det betyr at viss du klikkar på den setningen, opnar det seg ein artikkel, med ei artig historie, kanskje bilder, kanskje ein video. DET ER DER SJØLVE INNHALDET LIGG! Det du ser på framsida er berre noko eg skriv for å lokke deg til å opne hovudsaka.

Grunnen til at eg skriv dette er at eg tilfeldigvis studert eit svært intelligent menneske mens ho sat og skulle lese bloggen min, og oppdaga at ho ikkje visste dette. I tre månader har eg spurt ho: – Såg du videoen der eg nesten krasja med ho dama (for eksempel), og ho har sagt (FOR EKSEMPEL) – Ja, haha, det var veldig morsomt – MEN MED EIT LITT USIKKERT, FLAKKANDE BLIKK! – Ja, såg du kor ho skvatt ut av løypa, seier eg (for eksempel). – Har du sett ostehøvelen, seier ho (for eksempel).

– Kanskje ho ikkje syns det var så morsomt, har eg tenkt (for eksempel). No skjønar eg at ho hadde ikkje sett det i det heile tatt.

No skal du få belønninga for å ha lest alt dette. ler du ikkje av den videoen som kjem fram her, så har du mista evna til å le.

Trykk på «les resten av dette innlegget»  UNDER DENNE SETNINGEN, så skal du få sjå videoen: Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Litt for lett

Fredag sykla eg rundt Hestad (21,5 km) for første gang på ei stund. Det vart ei oppløftande oppleving. Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Sølvpilen flyg igjen

Sosial trening kan bety to ting:

Det eine er å lære folk å seie takk for maten, og korleis ein oppfører seg for at andre skal halde ut med ein.

Det andre er å sykle tandemsykkel. Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

A world of pain

–         You’re entering a world of pain, var det ein som sa på ein film eg såg ein gong. Eg trur kanskje Bruce Lee var involvert. Og det gjorde eg denne veka.

 Rota til mykje vondt

Rota til mykje vondt

Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Dei ler av meg

Gangsperrmonsteret stolprar rundt på jobben. Fire dagar etter den famøse Hafstadfjellturen er eg så stinn av melkesyre at sjølv det lavaste trappetrinn er ei utfordring. Kollegane mine må fnise når eg skal gå inn trappa frå hagen. Ein av dei syntes eg var så komisk at han filma meg:Gangsperr-monsteret

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar