På gjengrodde stiar

Omtrent halvvegs oppeKorleis hamna ho der? Les resten av dette innlegget, så skal eg fortelle deg ei sentimental historie:

For 13 år sidan bygde eg og far min eit skytetårn 12 meter oppe i ei furu på Hestad. Han spikra trinn i stammen og klatra seg oppover, mens eg sat på bakken under og leste høgt frå Bret Easton Ellis: Americhan psycho. For at døtrene mine, som den gong var fire og tre år, skulle kunne klatre opp, laga vi til eit sikringstau som gjekk rundt ei trinse oppe i hytta, med ein solid sele til å feste ungane i. Og så klatra dei opp. Dette var eit karsstykke som alle dei tre eldste døtrene mine har gjort. Men Rose, som er ti år, ho har berre høyrt om dette gjennom legendene vi fortel ved leirbålet om kveldane. For ho er dette like fjernt, og like myteomspunne, som månelandinga og hendingane i kana’ans land. I sikringsselen

No står denne furua ganske langt oppe i lia. Eg syntes den gang det var tungt å komme opp der, med åra er det ikkje blitt noko lettare, og no er det ni år sidan eg var oppe der sist. Søndag begynte vi å gå oppover. Plutselig var vi komne opp. Og eg var ikkje blitt sveitt ein gong.  det er rart kva som blir mogeleg, når du trimmar tre-fire gonger i veka. Og selen hang der. Urørt og heilt i orden. Du kan jo gjette kor lang tid Rose brukte på å komme seg opp…

men så lett som det gjekk? No begynner eg å glede meg til fjell-sesongen. Storehesten, here I come!

 

i treet
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *