Eit nytt form-nivå

No er eg faktisk der eg drøymte om å komme for eitt år sidan: At eg går lange, harde treningsturar tre-fire gonger i veka, utan at det eigentleg kostar meg så veldig mykje…

Eg syns eg var flink siste to månadane før jul: 4-5 kveldar i veka gjekk eg skogsvegen opp til Foss-stølen (320 høgdemeter). Før snøen kom, var det nesten litt for lett til å kalle ei treningsøkt, men eg brukte no 35 minutt på å komme opp, og det med puls heilt oppunder det eg greier. Så kom snøen, og så vart det tyngre. Berre det at det er litt glatt gjer det med ein gong mykje tyngre. Når eg etter ein månad kom meg opp på dei same 35 minutta, til tross for opp til 20 cm djup snø, så syns eg det var ganske bra.

Så kom den første skituren. Eg gjekk rundt Gjøsetstølen (12 km preparert løype) med hodelykt. Alt i første bakken skjøna eg at det var litt tidleg i sesongen for den løypa. I god fart kom eg ut på ein femten-tjue meter lang issvull. 30 km/t,  null styring, skia stadig meir på tvers, og eg måtte gjere eit lite hopp for å  sette skia i fartsretningen idet eg glei av isen. Hadde eg tryna der (og det er ikkje noko pent ord, men det er jo akkurat det det er snakk om) så hadde eg slått meg forferdeleg.  

Etter det stolte eg ikkje på sporet i nokon unnabakke. Full ploging. Og når ein veit at ploge-musklane er dei det gjer mest vondt i dei første turane, og at det som normalt er dei rolige partia der ein kan slappe litt av (unnabakkane) brått blir det mest slitsomme, då blir turen tung. Eg var temmeleg utkjørt då eg kom heim.

Etter fjorten dagar på ski kan eg trygt skrive under på det mange har sagt før meg: Langrenn er ein heilt anna (og mykje meir komplett) mosjon enn gåing til fots. Du kjem på eit heilt anna sliten-nivå når du brukar musklane i heile kroppen for å komme deg fram.   

Men kjekt? Å ha bedre form enn på mange år? Å kunne gå på jamnt og trutt både ti og femten kilometer utan å ta pause? Herleg. Eg gler meg kva dag til å ta fram skia. Eg tar dei faktisk ikkje fram, ein gong. Dei har fast plass i bilen. 🙂

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Eit nytt form-nivå

  1. Hei! Ser du har tenkt deg til vakre Sogn og Fjordane til sommeren, men kom gjerne allerede i april! Hiv deg på Kjeringi Open i Leikanger, her får du virkelig testet hva du er god for. Sjekk ut hjemmesiden vår (som snart kommer i ny utgave). Nils Henjum sier han skal slå deg, så her har du enda mer å trene for;-)Ta med deg flere spreke kollegaer, lag en heidundrande tur ut av det, og bli med på festen på hotellet på kvelden. Dette er verdens største fjellcross og et kjempemoro renn!Hilsen prosjektlederen

  2. …eg er no eigentleg i Sogn og Fjordane heile året, eg. Men takk for invitasjonen. Har allereie tenkt på det, men oppdaga at det krasjar med Kaizer’s Orchestra-konsert i Oslo Spektrum same kveld. Har kjøpt billettar til heile familien til jul. Så det går rett og slett ikkje. Desverre:-\

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *