Treningsdagbok per 18. november

Treningsdagbok: Her kan du følgje treninga frå dag til dag.

Det begynner på toppen, dei nyaste oppdateringane ligg nedst.

Onsdag 13. januar: kl. 1300: Kondistest. 17 minutt, greit. kl. 2000: 5 km på Langeland, med Rose (10 år). 40 minutt, halvparten av det på 150 W-nivå. Med Rose blir det litt rykk og napp. Løyste svetten, men ikkje så mykje meir enn det.

Torsdag 14. januar: gjekk 10 000 på skøyter på 44,36. Måtte sette meg eit minutt ved 6, 20, 14,40 og 30,34 og gjekk så til 44,36 minutt. Kondis no problemo, men hadde så vondt i føtene at eg måtte kvile litt.

Fredag 15. januar: Gjekk 5 km på Langeland. 10 minus, Trått føre, gjekk ganske bra på heile vegen, brukte 37 min frå bilen til bilen. Borg: 16. 1,5 time på det nivået blir ganske tøft.

Lørdag 16. januar: Gjekk Gjøsetstølen (11,8 km målt på GPS). Trått føre. Gjekk bra på i motbakkane. Brukte 1,5 time. Borg 14.

Søndag 17. januar: Gjekk på skøyter på Jølstravatnet i 1,5 time. Borg 11. 500 m på 1,28. Slo Thomas Espedal med 5 sekund. Stivna som ein stokk i siste sving.

Mandag 18. januar: Gjekk på skøyter på Viksdalsvatnet i 35 minutt. Sur vind, einsamt. Mykje sprekker, kunne ikkje gå jamnt og trutt. Borg 11.

Tirsdag 19. januar: Sumde 1000 m i Høyangerbadet på 55 minutt. Vanskelig å samanlikne intensitet med anna idrett, men sumde kvar langside så fort at eg måtte ha ein liten pause for å få pusten ned på ein frekvens som passar med symjetakta. (Do kan ikke puste med det hode under vann). Borg 14

Onsdag 20. januar: Gjekk Gjøsetstølen med Rose (10) Ei hard økt. Motbakkane greier eg berre ikkje å ta i rusletempo. Borg 14

Torsdag 21. januar: kviledag.

Fredag 22. januar: Gjekk 5 km så hardt eg greidde, heilt frå start. Brukte 33 minutt, fire mindre enn veka før. Likt føre, kaldt, tørt og trått. Brukte nok meir krefter enn veka før, men det var rett og slett fordi eg hadde meir krefter å bruke.  I siste kneika opp til toppen i femmaren var det akkurat som om korsryggen min ikkje ville bere meg lenger. Då må eg vel kunne seie Borg 17.

Lørdag 23. januar: Kviledag

Søndag 24. januar : Kviledag

Mandag 25. januar: 8 km Langeland, 57 minutt, Borg 14

Onsdag 27. januar: I dag gjekk eg 10,1 km på 1 time og 1 minutt. Det gir ei 5 km-tid på 30,30. Altså ei forbetring på 3,30 frå førebels bestenotering, og 6,30 bedre enn målinga 15. januar Litt raskare føre forklarer nok noko, men ikkje alt. No er det ikkje tvil om at formen er i betring. Borg 14 kallar eg det, når eg føler at eg kunne gått ein halvtime til, men skjorta og til dels buksa er våt av svette.

Fredag 29. januar:I kveld gjekk eg rundt Gjøsetstølen på 1 t 33 minutt. Og det var blytungt. Og så den tida! Dette tilsvarer ei 5km-tid på 39 minutt, altså dårlegast sidan eg starta denne bloggen. Og det med nyglida ski. Dette var så ille at eg håpar det betyr at noko blir tilsvarande bra. Borg 14

Søndag 31. januar: Nei, nu, altså. I dag var det riktig nok noko tråare føre, så treigt som det i det heile tatt blir, faktisk, med nysnø og minus 12 grader. Men likevel.  Gjøset-stølen (11,8 km) på 1 time og 37 minutt. Bevare meg. Får trøste meg med at eg heldt meg på haglesvette-nivå stort sett heile tida, og det må no vere positivt uansett, det.

Tirsdag 2. februar: No er eg slutta å ta tida rundt Gjøset. Det blir til at eg pressar meg for hardt. Gjekk ein rolig tur i dag, etter Jo Inge sine instruksjonar, god kjensle etterpå. Varighet oppunder to timar, Borg 11

Onsdag 3. februar: Fann fram fjellskia mine og gjekk Gaularfjellsvegen frå Langestølen til kommunegrensa. Borg 11. I minus 15 og frisk vind vart det ein iskald fornøyelse.  Varighet 1.5 time.

Søndag 7. februar: Gjekk roleg rundt Gjøsetstølen, Pressa litt i bakkane før og etter Gjøset. Veksla mellom Borg 11 og 13

Mandag 8. februar: Gjekk roleg rundt Gjøsetstølen, pressa litt i bakkane før og etter Gjøset. Veksla mellom Borg 11 og 13.

Onsdag 10. februar: Gjekk 4 timar på vekslande føre på truger. (Rypejakt)Veksla mellom Borg 11 og 13

Torsdag 11 februar: Gjekk 4,5 timar på fjellski, den første 1 t 30 minutt Borg 14, deretter rundt Borg 11.

Lørdag 13. februar: Gjekk 5 km på Langeland, følte at det kosta meg ikkje krefter i det heile tatt. Rett og slett moro. Borg 11.

Mandag 15. februar: 2 x 5 km Langeland. Borg 13

Onsdag 17. februar: Kondisjonstest. 17 minutt, Borg 18 (dei siste to minutta)

Torsdag 18. februar: Gjekk 8 km på nøyaktig 1 time på Langeland. Var litt betenkt etter kondis-testen, på om eg har gått for slapt, så eg ikkje har fått noko kondis-utbytte, så eg sette på meg pulsmålar og sjekka pulsen. Jo inge seier at eg bør ligge på rundt 140. Gjekk i det tempoet eg brukar å gå, og pulsen låg mellom 145 og 156. Så eg er ikkje for slapp. Borg 14

Fredag 19. februar: Gjekk Fauskestølen (18 km). Opna for hardt, sleit tungt i andre tredjedel, tok ein 20 minutt pause med mat og drikke på Gjøset, og gjekk den siste tredjedelen greit (om enn veldig rolig). Brukte tre timar, av dei 1,5 time på Borg 13, resten Borg 11.

Søndag 21. februar: Fauskestølen. 18,29 km iflg. GPSen min. Opna meget forsiktig, hadde ein langt behageligare tur, brukte kortare tid. (2,30) Trur kanskje det kostar veldig mykje når eg opnar for hardt, før eg er blitt varm.  Maks hastighet 65,8 km/t. Trur det var rett før fallet. (Krateret). Borg 12.

Mandag 22. februar: 8 km på langeland. brukte 55 minutt. Borg 13

Onsdag 23. februar: 2 x 5 km Langeland. 1 t 2 min. Borg 13

Fredag 25. februar: Fauskestølen. 18 km. 2,5 time. Borg 12. Slalombakken 1,5 time, mykje gåing opp trekket, Borg 12

Mandag 1. mars: 2 x 5 km på Langeland, 11 time, Borg 13-14. Butta mot melkesyr i låra på veg mot toppen av femmaren begge gongane.

Tirsdag 2. mars: Slalombakken i Årbergsdalen. Gjekk opp i staden for å ta trekket. 1 t 10 min. Borg 13, etter kvart 14. Følte meg sterk, tungt arbeid, heldt på, kosta meg merkeleg lite.

Onsdag 3. mars: Gjøsetstølen. 1,5 time. Borg 12. Litt tyngre i dag.

Fredag 5. mars: (Bergen) Gjekk frå Skansen brannstasjon til Fløyen. Brukte 50 minutt, Borg 11, stigande til 14.

Lørdag 6. mars: (Sotra) Gjekk på Spjeldsfjellet på Ågotnes. 1 t 30 minutt, dei første 45 minutt Borg 13-14, resten Borg 11

Onsdag 10. mars: 2 x 5 km, Borg 13 1 time

Torsdag 11. mars: 5 km pluss turen inn til Kvinnefallet og fram igjen, sporet upreppa, 30 cm fuktig nysnø på det verste. 1 t 45 min, Borg 11

Fredag 12. mars: 2 x 3 km, forferdelige ski, klister på nysnø. hadde tenkt å gå 10 km, men ga opp. 48 min, Borg 13.

Laurdag 13. mars: Gjøsetstølen. Tyngste økta denne veka.  1,5 time Borg 14

Søndag 14. mars: 3 km Langeland pluss Gjøset. 2 timar Borg 13. Gjekk i mitt naturlege tempo (som vanlegvis er litt for fort for meg når det går motbakke) rett opp bakkane før og etter Gjøset. Følte at det løsna litt i dag. Brukte sikkert 15 minutt kortare tid rundt Gjøset enn i går. God kjensle.

Torsdag 18. mars: kl. 1400: Test. 15 minutt, Borg 10 – 14. kl. 1900: 10 km langeland. 1 time, Borg 13

Fredag 19. mars: 1 t 15 min ergometersykkel. Første gang eg merkar at det ikkje er pusten som begrensar meg, men muskulaturen. Måtte gå av og strekke ut fire gonger, låra heilt stinne. Borg 13

Sundag 21. mars: Sykla tandem med Bodil tur-retur Osen bru. 1 t 9 minutt. Borg 13. Framleis muskulaturen som bremsar. Følte etter økta at eg burde ha pest meg meir, men det hadde ikkje låra mine greidd. Lurte på å ta ein tur åleine rundt Hestad, men fann ut at vi får starte litt forsiktig, sidan det er første dagen på sykkel.

Mandag 22. mars: Sykla tandem åleine rundt Hestad. 21,5 kilometer. Blytungt. Oppdaga halvvegs i siste motbakken før Hestad at bakbremsa sto på.  Første del Borg 15-17, resten Borg 13. Hard økt.

Torsdag 25. mars: Sykla 1 t 15 minutt på ergometersykkelen, tredje tyngste stille.  Borg 13. Sliten etterpå, men tok meg inn att etter 15 minutt.

Fredag 26. mars: 45 min frisk skigåing i fem-km-sløyfa i Myrkdalen, Borg 14

Lørdag 27. mars: 2 t 30 minutt skitur Myrkdalen – Reppane. 14 km, ca. 400 høgdemeter. Gjekk hardt på første 1,5 timen, fryktelig tung ploging heim att. Borg 15. Godt sliten etterpå.

Søndag 28. mars: 1 t 15 minutt Myrkdalen – Bygd. 7-8 km.  Borg 14 første 20 min, resten Borg 11.

Onsdag 31. mars: Gjøsetsølen. 1 t 20 min. Borg 14

Skjærtorsdag: Fauskestølen. 2 t 20 minutt på svært bløtt føre. Borg 15

Langfredag: Fauskestølen. Tok ikkje tida. Borg 13

Første påskedag: Hafstadfjellet. 1 t 41 min opp, 2 t 50 min totalt Borg 14.

Andre påskedag: 30 min rolig sykling, såvidt sveitt. Borg 10

Fredag 9. april: Sykla tandem m/ Bodil rundt Hestad. 21,5 km. 1 t 8 min. Borg 13 (15-17 i bakkane, totalt 10 minutt)

Lørdag 10. april: Tandem m/ frue rundt hestad pluss kort oppvarmingsrunde først, totalt 22,7 km. 1 t 14 minutt. Borg 14. Tyngre i dag.

Mandag 12. april: Tandem m/ frue rundt Hestad, 21,5 km, tok ikkje tida. Borg 14

Tirsdag 13. april: Feira bursdagen (43 år)  med ein rask runde (tandem m/frue) rundt Hestad. 1 t 4 min og 45 sekund. Bestenotering ever, unntatt ein gong eg hadde Ole-Jakob Sande bakpå. Alle som kjenner han skjønar at det blir juks. Borg 15

Torsdag 15. april: Bodil (fruen) fekk dratt meg med rundt Hestad, tross seint (kl 20.00), 4,5 grader og regn. 16,30 til Foss-krysset, 36 min til Kirkelisundet bru, 1 t 4 min 15 sek heilt heim. Trur klissvått føre er tyngre enn tørt. Borg 15 (og ein halv).

Lørdag 17. april: Gjekk opp til skytetårnet på Hestad. Bratt motbakke, ca. 45 minutt opp, like lang tid ned att (lært litt om unnabakkar og melkesyre no). Borg 14/12.

Søndag 18. april: (59. økt sidan 13. januar) Gjekk frå Foss-krysset (som eigentleg heiter Styggegjeila eller noko slikt) om Eikeland til bedehuset på Hestad. ca 9 km asfalt, 2 timar. Borg 11. Sår under føtene. Joggesko og utvaska sokkar ikkje bra.

Mandag 19. april: Gjekk heimanfrå til Skagestølskrysset, 30 min motbakke, til dels ganske bratt. Brukte like lang tid heim att. Lurt. Vart ikkje støl. Borg 15/13

Torsdag 22. april: Sykla rundt Hestad åleine på tandemen. Brukte 1 t 22 minutt. Lurar på om det er syklinga eg får så vondt i ryggen av. Håpar ikkje det.  Borg 15/13.

Fredag 23. april: Gjekk rundt Hauken (10 km (GPS)) med dotter mi, Aurora (17) på 1 t 50 minutt. Snittfart 5,1 km/t. Joggesko. Greit, ingen smerter. Borg 12. Grei økt.

Lørdag 24. april: Gjekk frå Skudalskrysset til Følid og tilbake, 9,6 km på litt under to timar. 6 kilo tung sekk, lette fjellsko med gummiinnlegg under hælane. Hadde skikkelig vondt i beina siste halvpart, men det kom seg fint då eg kom heim. Litt støl frampå leggane dei neste dagane, trur eg heldt for stor fart.  Borg 13

Mandag 26. april: Sykla rundt Hestad, tandem med fruen. Kjente idet vi la ut at eg hadde ein styrke i beina som eg ikkje har hatt før. Brukte 15,50 til Foss-krysset, 30,00 til toppen av Kjelstadbakken, 35,15 til Kirkelisundet, 1 t 03, 50 totalt. Ny rekord. Kjente heile vegen at det gjekk mot det.  Borg 14.

Torsdag 29. april: Gjekk frå skudalskrysset til Kirkeli og tilbake. Litt over to timar. Borg 12

Lørdag 1. mai. Gjekk eit lite 1. maitog frå heimanfrå til Hauken og tilbake med ti kilos sekk. Blytungt. (Sjå artikkelen «tilbake til start) Borg 14

Søndag 2. mai: Gjekk liten fjelltur på Ågotnes, varighet 1 time. Tungt, svetta hardt heile tida. Borg 14.

Tirsdag 4. mai: Gjekk 16 km på fire timar. Kanskje ørlite lettare i motbakkane no.  Borg 15. (ut frå varighet, ikkje intensitet)

Onsdag 5. mai: Gjekk 10 km paa 1 t 50 min. Borg 13.

Torsdag 6. mai: Gjekk 9 km på to timar. Borg 12

Fredag 7. mai: Gjekk 18 km, 400 høgdemeter, 5,5 timar. Borg 15.

Lørdag 8. mai: Gjekk 15 km , 300 høgdemeter, 5 timar. Borg 14

Mandag 10. mai: Gjekk 17 km, opp 200 høgdemeter og ned 700. 6 timar. Borg 14.

Tirsdag 11. mai: Gjekk 16 km, opp 120 m, ned 550. Fem timar. Borg 13

Onsdag 12. mai: Gjekk 17 km på 5 timar. Elise gjekk ganske seint. Borg 12

Torsdag 13. mai: Gjekk 17,5 km på 3 t 35 min.  Borg 12. 135 km så langt her i Frankrike.

Lørdag 15. mai: 20 km, 350 høgdemeter i eitt strekk, resten lett. 5 timar

Søndag 16. mai: 10 km, veldig tungt. Harde motbakkar, 18 kg sekk. Fire timar.

Mandag 17. mai: 24 km, litt opp og ned, men ingen tunge motbakkar.  Litt sånn inn til Fauskestølen.   15 kg sekk. 5 t 30 minutt, god og sveitt mesteparten av tida.  189 km så langt.

Tirsdag 18. mai: 12 km, føltes lenger. Gjekk i fire timar. Begynte med 150 m stigning, peiste på, god kjensle.

Onsdag 19. mai: 17 km, 4 t 45 minutt. For flatt, ikkje heilt kjørt i ettermiddag. Skal legge inn ekstra motbakkar i morgon, då skal eg gå 19 km.

Torsdag 20. mai: 17 km, 6 timar. Tre lange motbakkar (150 høgdemeter), kjørte hardt i alle tre. Dvs over halvannan time i dag med høg puls. Dei første to gjekk lett, den siste vart litt tung.  Heilt ferdig då vi kom fram, men tok meg bra inn att etter ein time med Perrier menthe og litt mat.

Fredag 21. mai: Fire timar kajakk-padling, pluss 17 km til fots i dag og.  Ni timar i aktivitet.  Borg 17 totalt.

Laurdag 22. mai: 20 km, seks timar. Borg 15.

Søndag 23. mai: 28 km, 7,5 timar. Borg 17 totalt. 298 km så langt i Frankrike.

Mandag 24. mai: ti km, 2,5 time. Eigentleg kviledag. Kjente dagen i går i kroppen. Spesielt sekken syntes blytung.

Tirsdag 25. mai: 17 km, 4 timar

Onsdag 26. mai: 12 km, lett

Torsdag 27. mai: 12,5 km, walk in the park.

Mandag 31. mai: Fløyen, 1 t 30 minutt. Borg 17. 45 minutt ned att. Håpar eg ikkje blir støl no.

Fredag 4. juni: Test. Borg 17 (på det verste). Hvilket betyr at eg ikkje pressar meg til eg er døden nær. Eg burde kanskje det, men eg likar ikkje sånt. Det skal no vere litt moro, det her.

Lørdag 5. juni: Sykla rundt Hestad pluss Vågen med ein kamerat. 1 time 20 minutt på 29 km. Borg 15. Det vart tungt, eigde ikkje sprut, ein dårleg dag. Kanskje var det testen i går som sat i beina, kanskje er det berre at eg ikkje har sykla på fem veker.

Søndag 6. juni: Sykla Eldalsosen t/r. 50 km. 1, 09 opp, 2 t 16 minutt totalt. Må kalle det ei rolig økt. Borg 12.

Tirsdag 8. juni: Sykla rundt Hestad før jobb. 59 minutt. Var ganske sliten utover dagen.  Borg 14.

Torsdag 10. juni: Sykla rundt Hestad. 54 min 44 sekund. Borg 14.

Lørdag 12. juni: Sykla Årseth-tråkket (50 km Høyanger -Vadheim t/r) og gjekk trappeløpet i Høyanger. Til saman 2 t 30 min. Borg 12 (sykkel) og 15 (trapp)

Søndag 13. Juni: Sykla Sande – Vikja (Bygstad) t/r. ca 35 km, 51 minutt. Lagtempo med Ole Morten og Andrè. Borg 14.

Mandag 14. juni: Sykla Hestad rundt lagtempo med Ole Morten og Andre, 53 minutt. Tungt i motbakkane, tredje harde dag på rad. Borg 14. Treng ein dag pause no. 97 treningsøkter sidan eg begynte i januar.

Torsdag 17. juni: Hestad rundt med Ole Morten og Andre. 53 minutt.

Fredag 18. juni: Hestad rundt åleine. Hadde for første gang i historien krefter til å angripe (bittelitt) i Kjelstadbakken. Persa igjen på 52 minutt.

Lørdag 19. juni: Eldalsosen tur – retur. 48 km. 1 time 47 min, ei TJUE MINUTT forbedring frå sist tur.  15 minutt bedre enn tida eg brukte på Årseth-tråkket i Høyanger, som er ei mykje lettare løype.

Søndag 20. juni: Fottur til Snøheia (1143 moh.) Begynte ved Fossvatnet (609 moh). 4,5 timar effektiv gåing. Har aldri gått det så lett.

Lørdag 26. juni: Storehesten opp. Seks timar effektiv gåing. Borg 15 på det verste, heilt ferdig då eg kom heim.

Søndag 27. juni: Lett fjelltur, 2 timar. Borg 11.

Mandag 28. juni: Rolig tur rundt Hestad. 55 minutt.

Tirsdag 29. juni: Sprang inn til rypereiret med ein 15 kg sekk. Brukte 42 minutt inn, 36 minutt fram igjen.  Har aldri gått det stykket så fort, sjølv utan sekk.

Onsdag 30. juni: Første intervall-økt. Seks gonger opp Foss-gjelet inkl oppvarming. Kom 150 m ut på flata på fire minutt.  Puls jamnt mellom 157 og 162.

Torsdag 1. juli: Andre intervall-økt. Først oppvarming, så fire fireminutts drag. Puls mellom 155 og 160. Tyngre i dag.

Lørdag 3. juli: Tredje intervall-økt, no saman med ein kamerat. Seks fireminutts drag opp Foss-gjelet. Hadde aldri tatt det siste om ikkje dei andre hadde vore med.

Søndag 4. juli: Fjerde intervall-økt, saman med to kameratar. Seks fireminutts drag på puls 157 – 162. Forferdelig sliten no.

Søndag 11. juli: Sykla 34 km på stranda i Blokhus. Ca. 1,5 time. Trur kanskje aldri eg har vore i ein slik form. Puls mellom 135 og 150.

Mandag 12. juli: 1 t 25 minutt på raceren på småveiar. Puls 140-145. Ekkelt utan sykkelsti. Gjekk tom for blodsukker ti min før slutt. Frukthuice og vatn ikkje godt nok på lengre økter.

Onsdag 14.juli: To timar lang-intervall på stranda. Varma opp i 30 minutt, sykla så fem gangar 8 minutt på tungt gir med puls 145 til 150.Tok eit minutt ekstra dei siste to øktene i eit forsøk på å pine meg litt ekstra. Lukkast godt med det. Sykla til Løkken og kjøpte ein banan og eit eple som eg spiste der, midtvegs i økta. Heldt koken heile økta på det.

Torsdag 15. juli: Rolig sykling på stranda.  50 minutt, puls rundt 130. Rart å tenke på at eg ser ei slik økt som litt juks og ikkje skikkelig trening. Men eg var såpass stinn i låra etter intervalla dagen før at eg trengte å ta det litt rolig.

Fredag 16. juli: Lang-intervall på stranda. 20 minutt oppvarming, så fem åtteminutts drag på puls over 145. Dei siste to øktene låg eg på puls 152 pluss heile dei siste seks minuttane. Men noko ekstra minutt var ikkje snakk om. Følte framgang frå onsdag.  Spiste eitt eple midtvegs, det heldt. (drakk 1,5 liter sportsdrikk og, då).

Lørdag 17. juli: Kviledag. Treng faktisk det av og til med desse harde øktene.

Søndag 18. juli: Lang-intervall på stranda. Varma opp 20 minutt, sykla så fire åtteminutts intervall på puls 145-150. Dei siste to intervalla låg eg faktisk jamnt på puls 154 dei siste seks minutta. Siste intervallet kom eg ut i laus sand (som er fryktelig tung å sykle i, du må spinne litt med bakhjulet for å halde balansen), og då var eg oppe i 162-164 dei siste to minutta. Sykla meg ned rolig, lett sykling på lågt gir i ti minutt etterpå.  Har oppdaga at det gjer musklane langt meir medgjerlige resten av dagen.

Mandag 19. juli: Kviledag

Tirsdag 20. juli: Lang-intervall på stranda. 20 min oppvarming, 4 intervall a 10 minutt. Puls 154 siste halvpart av dei siste to øktene. Siste to minutt av dei siste to øktene var blytunge. Sykla 20 minutt rolig heim på puls 137. Det nivået trur eg eg kan halde i mange timar.

Onsdag 21. juli: Sykla med racersykkelen på kupert vei litt nord for Flensburg, 48 minutt. Følte at mykje av piffen frå siste veka var vekk. Kanskje fordi eg hadde ei hard økt i går, kanskje fordi det var 29 varmegrader.

Torsdag 22. juli: Punkterte etter fem minutt, måtte gå 2 km heim att og bære sykkelen det siste stykket. Såg at området rundt Søndervig og Hvide Sande på vestkysten av danmark er eit eldorado for mountainbikes. Den flottaste stranda eg har sett. Utan bilar. Lappeforsøk 1.

Fredag 23. juli: 13 timar i bil heim att til Norge. Sykling uaktuelt.

Lørdag 24. juli: Sykla fem minutt, flatt fordekk igjen. Lappeforsøk 2. Begynner å bli nervøs no, ein månad att til rittet, og tre dagar utan trening. Ikkje bra.

Søndag 25. juli: Fann ein fin motbakke på sykkelstien mellom Rygge og Råde i Østfold. GPSen utlada, men sykla i alle fall fire intervall på puls 152-154, ei strekning som eg tippar var 3 kilometer og som kanskje varte 5-6 minutt. Heile økta varte 1,5 time.

Mandag 26. juli: Sykla ein time mellom Rygge og Råde, puls rundt 145. Rolig tur.

Tirsdag 27. juli: Tretti minutt oppvarming, så tre fireminutts intervall i same motbakken som søndag. Den er 2,7 km lang.  Puls 165-167. Vanvittig. Tjue minutt rolig sykling heim att.

Onsdag 28. juli: Sykla rundt Rygge kirke (18 km) på 46 minutt. Rolig. Tung i muskulaturen i dag. Hadde tenkt å ta to rundar, men gnagsår i sitteapparatet gjorde meg betenkt på det. Av same grunn (pluss 30 – 70 mm nedbør) tar eg fri torsdag.

Torsdag 29. juli: Det vart rundt Rygge kirke likevel. 18 km, rolig, 47 minutt.

Fredag 30. juli: 30 minutt oppvarming, 4 x 4 min intervall på puls 162-165. Opp mot 167 på siste. Bestemte meg under det tredje intervallet for å ta eit femte, men avlyste det idet eg begynte på det fjerde. For det gjorde vondt. 30 min rolig sykling heim att. Følte meg flink i dag. Grua meg heile dagen, og det vart akkurat så ille som eg hadde frykta.

Mandag 2. august: To økter rundt Hestadvatnet, den eine klokka 1000, den andre 1800. Brukte 56 minutt på den første, 58 minutt på den andre.  Etter fem vekers intervall-trening i Danmark og Østfold kjende eg meg mykje sterkare på flatene og i slake motbakkar, men i Kjelstadbakken var det akkurat like tungt som før. Inkludert ein liten tur tidleg på morgonen sykla eg 46 kilometer denne dagen.

Tirsdag 3. august: Ein gong rundt Hestad, rolig tempo. Framgang i Kjelstad-bakken.

Torsdag 5. august: 30 minutt oppvarming, to Fire-minutts intervall (pluss femti sekund) på Gaularfjellet, i bakkane mellom Mel kraftsatsjon og første hårnålssvingen. 20 minutt rolig trilling ned att til fjorden.

Lørdag 7. august: Rolig tur rundt Hestad. 21,5 km.

Søndag 8. august: 1,5 time på sørsida av Gaularfjellet. Begynte ved brua i Vetlefjorden og ga meg på rasteplassen mellom 7. og 8. sving. 511 høgdemeter.  Kunne sykla heilt opp, men prioriterte å kunne gå resten av veka.

Mandag 9. august: 1,5 time hard fjelltur.

Tirsdag 10. august: 1,5 time lett fjelltur.

Onsdag 11. august: 2 timar svært lett vandring, flatt og lett unnabakke på Fossestien.

Torsdag 12. august: 4 x 4 minutt motbakke-intervall Vadheim – Ullebø. 35 min oppvarming, 4 intervall puls 160. Ti minutt lett sykling etterpå.

Fredag 13. august: Rundt Hestad. 21,5 km. Greidde heile Kjelstadbakken utan å komme over puls 143.

Lørdag 14. august: Foss – Eldalsosen t/r. 40 km. 1 t 45 min. Aldri over puls 140.

Søndag 15. august: Våkna heilt knust i kroppen. Grunnleggande sliten, vondt i ryggen, vondt i magen, støl i beina, takla ikkje den varme dagen. Måtte droppe Gaularfjells-gjennomkøyringa.

Mandag 16. august:  Slappheten frå i går hang litt i, men kjørte likevel 3 x 4 minutt motbakke-intervall på 95 % av full guffe. Merka på opppvarminga at eg låg 20 pulsslag over min ven Frank, som eg vanlegvis ligg ti slag under. Lurte på å droppe heile greia, men gjennomførte llikevel 3 forsiktige drag på puls 150 – 160. Føles greitt ein time etterpå.

Søndag 22. august: Sykla Gaularfjellrittet. 38 km, 750 høgdemeter (inkl. litt opp og ned langs fjorden). 2,5 time, grei økt. Har vore mykje meir sliten mange gonger tidlegare i år. Merkelege greier.

Onsdag 25. august: Rundt Hestad på sykkel. 56 min, puls 135 – 150. 1, 5 time sopptur etterpå, 45 min på ganske høg puls opp ein lang motbakke.

Fredag 27. august: Gjekk på Raudmelen i Balestrand, ca. 850 høgdemeter. ca. 7 timar totalt.  Vart fryktelig støl, kunne knapt gå heile helga.

Onsdag 1. september: Hope – Gjegnabu. totalt 1200 høgdemeter, blytungt. 7 timar.

Torsdag 2. september: Gjegnabu – Gjegnen – Gjegnabu – Hope. Totalt opp ca. 700 høgdemeter, ned nesten 2000 (litt opp og ned på vegen). Ca 13 timar effektiv gåing.  Hastverk dei 1200 metrane ned frå Gjegnabu til Hope. Vart støl, men ikkje så ille som veka før.

Lørdag 4. september: Sykla 30 min rolig for å mjuke opp muskulaturen. Det hjalp til eg vart kald igjen, då var eg like stiv.

Onsdag 8. september: Gjekk på Honndalsrokken.  1129 høgdemeter. 7 timar totalt. Midterste delen blytung. Var kanskje ikkje heilt restituert etter forrige tur. Då eg kom ned inntok eg 100 gram karbohydrat (cola og gelesnop 🙂 og eitt kokt egg, og så gjekk eg middels fort på flat veg i ti minutt. Neste dag langt mindre støl enn tidlegare.

Fredag 10. september: Rypejakt. 2 timar med tung sekk, 4 km, 150 høgdemeter. 5 timar med lett sekk, totalt ca. 500 høgdemeter.

Laurdag 11. september: Rypejakt. 7 timar med lett sekk, totalt ca. 500 høgdemeter.

Søndag 12. september: Rypejakt. 2 timar med tung sekk, 2 timar med lett sekk. 6 km, totalt ca 150 høgdemeter.

Mandag 13. september: Gjekk på Holsnipa i Gaular. 7 timar, 980 høgdemeter.

Torsdag 16. september: Gjekk på Togga i Sogndalsdalen. 3,5 timar.

Fredag 17. september: Gjekk på rypejakt. To timar med blytung sekk.

Lørdag 18. september: Rypejakt. Sju timar, lett sekk. Dei siste to timane bar eg ein ti kilos stein som eg hadde funne. 

Søndag 19. september: Rypejakt. Tre timar, middels tung sekk.

Tirsdag 21. september: Gjekk på Kongshaug med Ann kristin Flatland. Seks timar.

Fredag 23. september: Gjekk på Gråberget med Jarle Berge. Sju timar, knallhard tur.

Søndag 25. september: Gjekk på Molden med Tor Bremer. Fem timar.

Mandag 26. september: Gjekk på Lihesten med Ingemar Nordstrand. Ni timar, tung tur.

Tirsdag 27. september: Gjekk på Tindefjellet med Terje Lyngstad. Fem timar, begynner å slite no.

Onsdag 28. september: Rypejakt i Myrkdalen. Tre timar. Lett tur.

Torsdag 29. september: Rypejakt i Myrkdalen. 7,5 time.

Lørdag 2. oktober: Rypejakt. 4 timar. Småsjuk, tungt.

Tirsdag 5. oktober: Sykla rundt Hestad. 57 min.

Torsdag 7. oktober: Gjekk på Fosstølen. 400 høgdemeter.

Lørdag 9. oktober: Gjekk Sande – Vågen (sørsida) 12 km, 2 t 45 min.

Søndag 10. oktober: Gjekk Sande – Vågen (nordsida) 10 km, 2,5 time.

Tirsdag 12. oktober: Gjekk Aurlandsdalen. 20 km, sju timar, lang tur.

Onsdag 13. oktober: Hjelledalen – Vettaskora – Vettismorki – Vettisfossen – Vetti – Hjelle. 22,5 km, 9,5 timar.

Fredag 15. oktober: Gjekk på Tindepollen med Gunn Aamdal Mongstad. 4 timar, lett tur (men tungt opp).

Mandag 18. oktober. Gjekk på Fosstølen. 1,5 time.

Tirsdag 19. oktober: 4 timar rypejakt med middels tung sekk. Hard økt.

Onsdag 20. oktober: 1t 25 min fjelltur. 30 min høg puls.

Fredag 22. oktober: Langeland skisenter. Lange strekk utan lys, gjekk berre 2 km og ga opp og for heim. Merka godt at det er andre musklar i sving på ski.

Lørdag 23. oktober: Gjekk til Hestad. 2 timar

Onsdag 27. oktober: Fosstølen. 1 t 15 minutt.

28. oktober: Fosstølen

30. oktober: Fosstølen

1,2,3,4,5/11: Fosstølen

8,9,10,11/11: Fosstølen

15/11: Fosstølen, men berre til elva. Dårlig tid. 1 time

16/11 (formiddag): Gjekk til skytetårnet i skogen til Nils Hestad. 40 cm snø på det verste. 2 timar.

16/11 (kveld): Fosstølen. Snø heile vegen. 1,5 time

17/11: Fosstølen.

Dette innlegget ble publisert i Treningsdagbok. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Treningsdagbok per 18. november

  1. Brit Jorunn sier:

    Sjå TV-innslaget om Ole Johannes på Vestlandsrevyen: http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7036973

  2. Frode Holmelid sier:

    Hei Ole Johannes. Dette er imponerande lesing. Har sett igjennom treningsdagboka di og ser at du ikkje har lagt på latsida. Ikkje mangen fridagar å sjå. Kos deg på turen din. Ser ut til at du har det kjekt. Artig å følge med på bloggen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *