Med tre veker igjen til Gaularfjellrittet, og så tungt som det gjekk i Kjelstadbakken i går, var det berre ein ting å gjere: Gire ned. På tide å oppsøke min ven sykkel-Arne!
Den første som sa at eg kunne greie Gaularfjellrittet, var min kollega Stein Aase, som kjenner treningsvanane mine godt, og som sjølv syklar mykje. – Du må berre ha lavt nok gir, sa han, og så tek du tida til hjelp.
På sykkelen min står det eit Ultegra-gir med såkalla kompakt-krank. Kva det betyr er eg ikkje heilt sikker på, men det skal i alle fall være litt lavare gira enn tradisjonelle gir. Eg har heile tida syntest det lavaste giret var litt for tungt for Kjelstad-bakken (som er akkurat like bratt som Gaularfjellet), men eg har tenkt at kanskje blir eg så sterk at det går fint. Etter første turen min mandag var det berre ein ting å gjere: Ringe Doktor Sykkel, Arne Runde på Førde Sport, og rekvirere eit kirurgisk inngrep – øyeblikkeleg hjelp.
– Eg treng eit organskifte, sa eg til Arne.
– No prob, sa Arne, og så smekka han på ein heilt ny kassett med girskiver bak, der det største tannhjulet (lavaste giret) har to tenner meir enn det eg hadde før. Dei tre største skivene er forresten av titan ( for å spare ein 30-40 gram vekt) og heile stasen kostar 2500 kroner. Det finst ingen grenser for kor mykje pengar ein kan bruke på ein sykkel.
Justerte bremsene mine gjorde han og, rensa og smurte kjedet, teipa opp att styret og stramma alle skruar. Og all rakling i giret var som trylla vekk.
Rett heim, og prøve igjen: Den første halvtimen gjekk overraskande lett. Eg klarte å halde brukbar frekvens halvvegs opp bakken, så måtte eg over i trakk – trakk. Men med nesten 40 kilometer i beina den dagen, og etter opplevinga tidlegare på dagen, var det kanskje greitt nok. Trur faktisk eg skal prøve eit 4 x 4 minutt intervall der i dag.