Silikon-dama

Ein kveld ved middagsbordet traff eg ein svenske, Johan frå Ørebro. Han tok eg dessverre ikkje bilde av, for han gjorde eigentleg ikkje så stort inntrykk. Han sa ikkje så mykje. Men han sa eitt ord, som eg trur alle som var der vil hugse, så lenge dei  lever:

Tvers overfor oss sat det ei kvinne i femti-åra. Ho var for så vidt velskapt, men midt frampå brystkassa hadde ho eit par bryst, for å seie det rett ut, som var av ein slik storleik, og av ei slik tyngdekraft-fornektande form, at det fanst berre ei forklaring på det: Silikon.

Ho var ikkje spesielt tilbakehalden med å vise dei fram heller, og hadde ei relativt trang T-skjorte med ein  djup halsopning som sikkert gav veldig god lufting. Eg tok, av grunnar som du kanskje kan tenke deg, ikkje bilde av det heller.

Dei andre kjørte i vei på fransk, og eg fekk lyst til å innleie ein liten samtale av litt maskulin karakter med Johan.  Konversasjonsemnet gav seg sjølv. Det formeleg strutta mot oss.

–          Før vi no begynner, sa eg, så er det eitt ord vi ikkje må bruke.

–          Å? sa Johan.

–          Og det er fordi eg trur det ordet er det samme på alle språk, og då kan dei forstå kva vi snakkar om.

–          Mhm, sa Johan, med blikket trygt plant i utringinga midt imot.

–          Og det er ordet som beskriv den massen som kirurgar puttar inn i brysta på kvinner som gjerne vil ha litt flottare bryst.

–          Åh, du meiner SILIKON? Sa  Johan.

Det vart heilt stille rundt bordet. Puppedama planta eit drepeblikk i Johan, som plutselig vart heilt knallraud og såg så stakkarsleg uskuldig ut, at puppedama plutselig skjønte kva som hadde skjedd, og så sette ho drepeblikket i meg og. Vrei litt på overleppa, ein lydlaus snerr. Så gav dei seg ut i ein lang og høglytt diskusjon på rasande fort fransk, men ikkje verre enn at eg plukka opp orda Norvegienne, og Norvege opptil fleire gonger.  Eg fekk jo ei aning om kven som var emne for samtalen. Det hjalp litt på forståinga at dei av og til peikte på meg og. Når franskmenn vil, så kan dei det der med å være uhøflege.

Eg følte det vart heilt rett å illustrere denne artikkelen med eit bilde av Dolly Parton. Det var akkurat slik det var.

Eg følte det vart heilt rett å illustrere denne artikkelen med eit bilde av Dolly Parton. Det var akkurat slik det var.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Silikon-dama

  1. Jo sier:

    Ha, ha, ha, ha, ha – Du er ubetalelig, lo så eg heldt på å dette av stolen når eg las og såg deg for meg 😀

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *