Pass opp!

Det er klekketid for larvar om dagen. desse reira var fulle av egg for nokre dagar sidan. No heng larvane i lange trådar langs stien, klare til å klaske i fjeset på uoppmerksomme vandrarar.

Syns du dette er ekkelt? Trykk les resten av dette innlegget, så skal du få sjå kva som er ekkelt...

Syns du dette er ekkelt? Trykk les resten av dette innlegget, så skal du få sjå kva som er ekkelt...

I går, eller i natt, braut Lars, Lena, Laila, Liv, Lotte, Lisa, Lasse, Lånny, Line, Lissy, Lucinda, Loke, Linda Larve og alle dei 136 søskena deira ut av egga sine og begynte på den lange, farefulle ferda mot bakken. Kva dei skulle der må no fåglarna vete, men ei risikabel ferd var det i alle fall. Plutseleg skjønte eg kor ho fann alle larvane som taut ut or nebbet hennar, den vesle fuglene som flaug til og frå reiret med skrikarungane rett utafor campinghytta mi i dag morges. Her sto jo festbordet dekka.  

– Artig, tenkte eg, der eg såg dei hundre- og tusenvis av larvane som hang i tynne strenngar ned frå trea. heilt til eg plutseleg gjekk der litt i mine eigne tankar, og plutseleg gjekk rett inn i ei klyse som klaska inn i fjeset mitt. Å fy fader, dei vart fort feidd vekk. Eg trur jammen eg skreik litt og. Hoppa litt rundt og rista av meg adrenalinet. Det er ikkje alt som er eksotisk som er så fint.

Snikande farer lurer midt på stien

Snikande farer lurer midt på stien

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *