
Ekte kjærleik
I Bord, litt før Figeac, traff eg Gerard og Martine. Dei hadde vore gift i 45 år, og Martine hadde alltid hatt så lyst til å vandre caminoen. Så fekk Martine slag, eitt år før dei skulle gå. Lammelsar i venstre foten gjorde det tungt for henne.
– OK, sa Gerard, då ber eg bagasjen for oss begge, og så leier eg deg med eine handa, og i den andre kan eg bære ein sparkesykkel, så du kjem deg litt lettare fram der det er asfalt. Så då gjorde dei det. Det kallar eg ekte kjærleik.

Midt på bildet kan du (såvidt) sjå eit rådyr. Det andre eg har sett i fullt dagslys her.