Tenk 2012 – og endå lenger

Sogndal klarte aldri å prestera opp mot sitt beste i kampen mot Fredrikstad. Eg trur ikkje det skorta på korkje vilje eller innstilling. Sogndal utan Eirik Bakke, Henrik Furebotn og Even Hovland til å styra skuta, er neppe meir enn eit Adeccoligalag. Men fortvil ikkje. I dette mannskapet er det ferdigheiter og guts i massevis. Eg såg noko eg likte då spelarane gjekk av bana etter eit surt 0-1 tap. Det svei noko inni granskogen, særleg for dei yngste som Ørjan, Thomas og Isak.

Om det fall ei tåre eller to skal vera usagt, men eg er overtydd om at i slike spelarar har Sogndal ei stor framtid. Saman med heilstøypte karar som Gustav Valsvik, Vegard Gjermundstad, Per Egil Flo, Mats Solheim og Ole Jørgen Halvorsen. Det er i slike stunder du ser kven som vil vera med å gå den knallharde vegen. At det år i rykk og napp i tippeligaen, må Sogndal leva med. Det tek tid å få alle opp på nivået, og gjerne mange nok samstundes.

Difor gjer Harald Aabrekk og Co lurt i sjå framover. Til 2012, og gjerne 2015 for den saks skuld. Bygg for framtida med noko av det beste me har hatt i Sogndal. Men, og det er eit stort men. Det må trenast meir og betre. Teknisk-taktiske ferdigheiter, fysisk kapasitet, men først og fremst ferdigheiter. 30-40 % auke i treningstid kan umogeleg vera vanskeleg for heiltids profesjonelle spelarar. Her har Sogndal så vel som norsk toppfotball ein veg å gå – ei utfordring. Kanskje er det ein idé å invitera Tarjei Bøe til ein godprat om trening, fysisk som mental. Kva er det som gjer utøvarar som han til den beste i verda?

Vidare må Sogndal ta skikkelleg tak i talentutviklinga i eigen klubb. Spelarar frå 12-13 årsalder må få eit langt betre treningstilbod og oppfølgjing enn kva tilfellet er i dag. Med Eirik Bakke, Håvard og Tore André Flo, Terje Skjeldestad samt ei rekkje andre trenarakapasitetar i SIL-rekkene, har klubben alle føresetnader for å lukkast. Spelarane er der. Det er mange som Thomas Ness og Ørjan Hopen. Gje dei tid og opplæringa som skal til. Klubben må rett og slett våga å bli både ein topp- og breiddeklubb også for dei yngste utøvarane!

I dette biletet er det interessant at Sogndal har gitt frå seg to spelarar som framleis kan bli gode på Fosshaugane. Oddbjørn Skartun i Vard og Gøran Wigum i Kongsvinger er to svært talentfulle unggutar. Håpar dei ikkje er gløymde. I Førde tuslar Ruben Holsæther rundt, medan brørne Aase imponerer i florødrakta.

Fotballframtida i Sogndal er i mine auge svært lys viss klubben gjer dei rette grepa. Men det er på tide med litt nytenking og endå meir ambisiøs satsing. Frå dei unge til A-laget. For nivået i tippeligaen tilseier at Sogndal kan ha ei god framtid der. Det har sesongen til no vist.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Tenk 2012 – og endå lenger

  1. Svein sier:

    Eg er heilt einig med deg i at Sogndal må tenkja framover og at betre ferdigheiter og satsing på yngre årsklassar er heilt sentralt. Det er nok å sjå på lag som Strømsgodset og Odd Grenland for to ulike filosofiar der Godset si satsing på unge talent ser ut til å bera frukter medan Odd/Fagermo sitt gammalmanns-opplegg ikkje ser ut til å lukkast.

    Men eg er redd Sogndal må ta vegen nedatt i Adecco for å gjennomføra den nødvendige omlegginga. Det er vanskeleg å læra spelarar på 22 år og meir, betre basisferdigheiter. Det lærer ein lettast som ungdom. Slik sett er det veldig positivt at Tommy Øren er henta inn for utvikling av yngre spelarar.

    Og la oss håpa at kunstgraset snart er på plass på Fosshaugane. Det er også ein føresetnad for å gjennomføra nødvendige endringar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *