Tabbekvotar og slikt

Det storma i korridoraane i Sognahallen sist veke. Harald Aabrekk slo knytteneven i bordet og truga med å gå på dagen då det var klart at klubben hadde lyst ut ei stilling i det medisinske støteapparatet, utan at vedkomande som av Aabrekk blir rekna som ein vesentleg del av styrken i sogndalstallen, visste om det. Slikt blir det rabalder av,og det skulle berre mangla.Den same Aabrekk er smart nok til å få merksemd kring ei slik sak, og  Sogndalleiinga la seg langflate og orsaka tabben for eit samla mediekorps.

Men det er andre ting som også er grunn til å sjå på med kritiske auge i Sogndal Fotball. Dei fleste kjenner til problematikken kring Sogndal 2 og deira magaplask og framleis spel i 4. divisjon. Kommunikasjonen mellom trenar Lubienecki og A-lagstrenar Aabrekk har ikkje akkurat vore god. I det heile har eg inntrykk av at Sogndal 2 har levd sitt eige liv, i eit slags vakum.  Her må både den administrative og den sportslege leinga bera ansvaret for tabben. Kva følgjer det får, står att å sjå. Faktum er at fotballhovudstaden Sogndal no står utan lag i 3. divisjon. Heilt utruleg, og alt for dårleg. Men kanskje dette kan føra til at Sogndal, Fjøra og Kaupanger no set seg ned og stakar ut ein ny kurs for dei nest beste i fotballbygda?

Freddie Butler kom til Sogndal for å bidra som spelarutviklar, henta hit av Trond Fylling. Men A-trenar Aabrekk ville ikkje ha noko med jamaicanaren å gjera! Tru det eller ei, ein kapasitet med sterke band inn i trenarkorpset i Chelsea har det ikkje vore bruk for til å utvikla den lovande spelargruppa Sogndal no sit inne med. Greitt nok at Harald Aabrekk har sine meiningar og tankar om dette, men å plassera Butler på sidelinja og ei rolle utan betydning på Sogndal 2 grensar til arroganse. Rett nok har Butler vore ei stor drivkraft for aldersbestemte spelarar, men er det noko norske toppspelarar manglar, så er det nettopp ferdigheiter. Her kunne Butler gjort ein kjempejobb. Kvifor det ikkje er rom for ein slik kapasitet inn mot A-laget er meir enn eg fortstår.

Smågutane til Sogndal  sikra seg KM-tittelen denne veka, fortent nok. Den første sidan 1996 då Kurt Heggestad og Geir Erik Røysi spela på laget. Årets smågutelag har ei rekkje spennande spelartypar som har hatt gode kår på akademiet, fordi spelarane har vore flittige å møta opp og vist vilje til satsing slik ein må forventa av spelarar med ambisjonar. Det same kan ein diverre ikkje seia om til dømes gutelaget som har levert heilt ordinære resultat, slik det har vore ei årrekkje i fylkets flaggskip. Men, også i denne aldersgruppa finst det eit par spelarar med potensiale til A-lagsplass i Sogndal. Det skal bli interessant å sjå kva tiltak klubben no set inn for å utvikla fleire spelarar frå eigne rekker inn mot A-laget. Det er flott at Ørjan Hopen no har slege ut i full blomst. Endeleg ein spelar frå eigen klubb, men i mine auge er det like mykje trass i som grunna talentutviklinga i eigen klubb. For Hopen er Hopen, mykje ligg i genane! 

I Haugesund scorar Oddbjørn Skartun mål på bestilling for Vard i 2. divisjon. Gøran Wigum reiste til Kongsvinger og har slege ut i full blomst under trenar Tom Nordlie. Skal tru om Sogndal vurderer å henta desse to heim? At begge reiste ut for å modnast, var både rett og rimeleg, men eg er overtydd om at begge har noko å fara med på heimebane. Ser ein på ymse tvilsame spelarkjøp dei siste 5-6 åra, forstår ein fort at det er rimeleg arbeidskraft å byggja på eigne krefter.

Eg ser med spenning på det som no vil skje i Sogndal Fotball. A-laget har prestert imponerande godt med Harald Aabrekk som skikkeleg stabukk og dyktig organisator og spelarar som står fram den eine etter den andre, klare for tippeliganivå. Men kva med underbruket? I Sognahallen er det no trenarkrefter mange og gode nok til å skap eit fotballmiljø som er heilt unikt i Norge. Men det krev betre organisering og vilje til nytenking. Og klar organisering og vedtekter for korleis det skal gjerast. Frå 10-åringen og til Sogndal 2.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *