Fotballferie og realisme

Sogndal har ingen grunn til å feriera mykje etter ein svært så variabel vårsesong. Skal det vera snev av realisme i tippeligaspel på Fosshaugane i 2012, må følgjande moment klaffa:

  • Eirik Bakke og Henrik Furebotn må vera på bana så ofte som råd
  • Ein eller to spelarar som styrkar laget både i trening og kamp, må på plass.
  • Spelarane må våga å angripa ein kvar motstandar på heimebane, slik de gjorde mot Lillestrøm og Haugesund i vår.
  • Sarpsborg08 og Start er to nøkkelkampar som må vinnast skal det vera von om fornya kontrakt.
  • Spissane må byrja å scora mål!

Harald Aabrekk skal ha kredit for å gje unge, lovande spelarar sjansen. Trioen Ørjan Hopen, Thomas Ness og sist Eirik Bergum Skaasheim er blitt varme i tippeligatrøya medan Isak Scheel tidvis har storspela. Gustav Valsvik er ei komande kjempe, snart klar etter skade. Alt saman gjev framtidsvyer.

Men kynismen i tippeligaen tilseier at «snillaste guten i klassen» ikkje alltid når fram. Dei store klubbane har økonomiske lokomotiv som ordnar opp og betalar rekninga, uansett.. Likevel er Sogndal nesten like gode som majoriteten av laga. Det vesle ekstra må hentast fram i ein lang og dramatisk haustsesong.

Det kan gå vegen viss alle vil nok, vågar nok og får det til samstundes. Heimebana og Fosshaugane blir den avgjerande arenaen for å lukkast.

Eirik Bakke sin aktive karriere er snart på hell. Å tru at Tore Andre Flo skal berga Sogndal blir heilt feil. Men begge har ein utruleg viktig rolle å fylla i miljøet, men også på bana.

Til slutt:

Sogndal 2 og Fjøra FK kan begge risikera eit liv i neste års 4. divisjon. Det vil vera ei ulukke for sogndalsfotballen og rekrutteringa til A-laget. Her må det gjerast grep folkens!

Svein Bakke er tilbake i SIL-kulissene. Eg vel å tru han vil spela ei rolle her.

Lukke til med ein usedvanleg lang og utfordrande haustsesong! Sarpsborg 08 er første bytte, søndag 17. juli. Vel møtt til drama på fylkets største teaterscene, Fosshaugane Campus!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Fotballferie og realisme

  1. Fotballferie og realisme? Spesielt det siste ordet, Jon. Me ligg på sisteplass og veit spelarane at me ligg der? På treningsfeltet skal ein leggje grunnlaget for korleis ein skal spela kampar etter Aabrekks sin fotballfilosofi. Då må ein og kvar Sogndalspelar jobba knallhardt for at samhandling og spelemønster sit akkurat nok til at me kaprar alle poenga heime f.k. sundag mot Sarpsborg 08. Spelarane kan også lukkast ved at me fyller opp Fosshaugane Campus. Då må også folk i Sogn og Fjordane gå på kamp! Me må laga trøkk. Her må publikum i Sogn og Fjordane rett og slett skjerpa seg! Det største teateret i fylket vårt har plass til godt over 5000 tilskodarar. Korleis skal me fylla opp tribunane? Eg veit at spelarane er skuffa over oppmøte på Fosshaugane Campus i år. Greit nok; me ligg sist sjølv om det er tett og jamnt på nedre halvleik av tabellen.

    Så til spel og samhandling: Kvar er leiartypen i laget vårt? Eg ser han ikkje! Kapteinen på laget skal gå fram og styra laget i medgong og motgong. Ein Roy Keane-innstilling er det me manglar innad i laget. Ein som piskar og seier ifrå om me skal blø for drakti. Den kvite drakta skal behandlast med respekt og då må ein gje 100 % for laget sitt og supportarane. Med meir entusiasme og spelarar som ynskjer Tippeligaspel i 2012 så kan dette gå vegen. Me har ein kamp til gode, den får vera ein bonus til hausten men til dets må spelet sitja betre.

    Med ein julimånad utan tap håpar eg også at Sogndal Fotball sèt foten ned og ordnar opp i «styret» rundt Even Hovland og evt. andre salsobjektar i laget. Eg stolar på at Egil Mundal og hans stab veit kva dei gjer. Me er trass alt i Tippeligaen. For me er vel ikkje der kun for å visa dei rosa draktene?`

    Sarpsborg 08 står for tur sundag. Eg skal er klar til å ropa og klappa laget fram til siger. Ein god saft har ingrediensar av god kvalitet. Ein god supportar har ingrediensar med hjartet for klubben i kvitt og svart!

    God kamp!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *