Svensk betyr suksess

Sogndal og Sverige i fotball betyr gjerne suksess. Jonas Olsson blir den tredje svenske trenaren i Sogndal. Han følgjer etter Bo Mattsson, 1985/86 og Ola Ljungberg, 1987/89. Begge gjorde sine saker utmerka. Matsson oppnådde kvalik mot Tromsø og Moss i 1985 utan at laget lukkast den gongen. Men svensken tilførte Sogndal ein profesjonalitet som kom til nytte seinare. Dei to åra med Mattsson var tøffe tak for både spelarar og leiarar i SIL Fotball den gongen.

Ola Ljungberg var ein heilt annan type og profitterte truleg på Mattsson sin knallharde Preusser-disiplin og tøffe leiarstil. Ljungberg tok også duoen Knut Christiansen og Svein Bakke inn att i varmen. Det gjorde utslag, 1987-sesongen vart ein braksuksess. Før Ljungbergs utvalde gjorde 1988-sesongen til ein av tidenens beste i tippeligaen for Sogndal. Kan og nemna at svenske spelarar som Rhonny Nilsson og Christer Thor har vore gode bidragsytarar i sogndalsfotballen.

Jonas Olsson er ein ambisiøs trenar og skulle ha gode føresetnader for å ta laget eit steg vidare etter Harald Aabrekk. Tre år i Trollhettan og fem år i IFK Gøteborg fortel om ein trenar som har erfaring. Når me dessutan veit at han har ein lang spelarkarriere bak seg på toppnivå, skulle den saka vera i trygge hender.

Eit trenarskifte er alltid spennande. Ser at kollega Eide i Firda er mest oppteken av kleskoden – det var vel ein liten offside, Eide? Langt viktigare blir det at Olsson fører vidare tradisjonen med å gje dei unge speletid og utvikla dei til tippeligaspelarar, slik Aabrekk har gjort dei to siste åra.

Med namn som Stefan og Peter Aase, Ruben Holsæter, Ørjan Hopen, Thomas Ness, Isak Scheel, Per Egil Flo og Gustav Valsvik har svenske Olsson nokre av dei mest lovande spelarane i norsk toppfotball i sine hender. Det blir noko å jobba med, Olsson!

Føresetnaden er sjølvsagt at Sogndal får behalda alle desse. Viss ikkje er eg redd det blir svært vanskeleg å oppretthalda plassen i tippeligaen. Slik det ser ut no, har Sogndal ein gyllen sjanse til å forma eit lag som kan hevda seg i norsk toppfotball ei årrekkje.

Dermed er hansken kasta, Egil Mundal og Co. Det er ikkje enkelt å vera liten i kamp mot dei store ulvane. Men eg reknar med de har gode kort på hand når nye kontraktar skal skrivast. Og til Flo, Scheel og dei andre som måtte la seg freista av meir rennomerte klubbar – i Sogndal har de hatt det godt. Å ta neste steg ut i fotballverda får de høve til når den rette tida, den rette klubben og den rette prisen er der.

Suksesstrenar Aabrekk vil sørga for å gje svenske Jonas Olsson den beste starten i Sogndal – fornya tippeligakontrakt.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Svensk betyr suksess

  1. Sol sier:

    Skjønar ikkje kvifor du trekk fram Thomas Ness. Har han bevist at han er blant dei mest lovande unge spelerane i landet? Har han U-landskampar? Har han kampar for Sogndal på adecco- og tippeliganivå? Er han ein spelar som er aktuell for andre toppklubbar?

    • Jon Navarsete sier:

      Kor lovande ein spelar er, kan alltid diskuterast. I mine auge er Ness avgjort ein spelar for framtida i Sogndal, og lovande, ja. Han har spelt tippeliga og NM/kampar denne sesongen.
      Det handlar alltid om tillit over tid. Me faor sjao. Eg har god tru!!!!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *