Våg å vinna

Lillestrøm og Haugesund fekk føla at Sogndal også har offensiv styrke. To flotte kampar som stadfestar at våre spelarar har kvalitetar til å hamla opp med dei fleste tippeligalaga, vel og merka på heimebane!

Verre er det mot lag som Molde med internasjonale stjerner i sentrale posisjonar, slik me såg søndag. Noko slikt har Sogndal aldri muligheiter for å matcha. Ikkje før ein eller annan Røkke serverer 20 millionar i ny og né, til ymse bruk (les spelarkjøp).

Men det er lov å stola på eigne krefter, som mot Lillestrøm, men kanskje særleg førsteomgangen mot Haugesund. Vegard Gjermundstad på stadige offensive raid spelar Ole Jørgen Halvorsen gjennom til 3-1 målet. Mats Solheim, målsniken framfor nokon stormar i angrep og scorar sikkert. Dette er gledeleg og syner at me har kvalitet nok til å angripa ALLE. Flott levert.

Harald Aabrekk er ein sta og eigenrådig herremann. Og ingen skal ta han på fagleg kompetanse og ein CV som fortel at han har fått lag «på stell» også tidlegare. At Sogndal no etter kvart framstår som eit lag med offensiv styrke i tillegg til solid defensiv organisering, kan sikkert både spelarar og trenar ta æra for. For oss som sit på sidelinja eit signal om at kampen for tilværet i tippeligaen kan vinnast, sjølv om det er langt fram.

Ørjan Hopen og Thomas Ness har vist seg fram dei siste to kampane. Begge innfødde sogndøler, oppflaska i eigen klubb. Bak desse kjem det fleire med både evne, vilje og mot. Difor er det trist lesnad når Daniel Lubieniecki og Freddie Butler som trenarar for Sogndal 2 føler seg i eit slags ingenmannsland utan den støtten laget og dei sjølve treng frå A-stallen for å rykkja opp att i 3. divisjon. Viss det er rett, har klubben ein jobb å gjera. For rundt om i fylket er det andre og store talent som også ser mot Sogndal og kva totaltilbod klubben har til dei yngste.

Men aller viktigast er å få fram spelarar frå eigen klubb. Det er lenge sidan sist, og duoen Hopen/Ness er det beste provet på at det gror godt i eigne rekker. Som det gjer også på årets gutelag, sjølv om dei ikkje har hatt nokon lagmessig sukess i år. Trenarane føler litt av det same som Lubieniecki/Butler – for få som bryr seg nok om det dei held på med. Inkludert A-lagsmiljøet. Det har ikkje Sogndal som klubb råd til.

Håvard Flo jobbar med å få i stand ei hospitering for unge talent i alderen 14-16 år slik at dei får trena med A-laget. Det skal både modning, tid og tolmod til for å klara vegen opp mot A-laget. Å tilpassa seg ein livsstil som innber 100% fokus på fotballtrening – og utdanning. Det er såleis på høg tid å setja denne ordninga ut i livet. Stort betre investering enn å få spelarar opp i A-lagsstallen kan ein knapt gjera. Og det er fullt muleg å få til.

Så får Trond Fylling satsa på å fanga «storfisken» ute i Europa eller Afrika. Han finst, men er svært vanskeleg å få på kroken – til rett pris.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Våg å vinna

  1. Cuptapet mot Brann svei noko so inni h……. at det gjorde forferdeleg ilt!

    Unggutane du nemner i Hopen og Ness viste gode takter i cupkampen på Brann Stadion. Spelet i andre omgang var meget bra, bortimotårsbeste tykte eg. No gjeld det å spela fotball og 100 % fokus på å vinna kampane. Det eg er redd for er den mentale biten: «Me må kjempa for å overleva!» Eit velkjent sitat for klubbar som slit i botn av Tippeligaen. Kanskje det er på tide å snu det litt om? Heller tenkja på at me skal spela ein fotballkamp og den skal me vinna! 1/3 av sesongen er spela ferdig. No gjeld det for spelarane å visa sine dugleikar på kamp, men då må òg publikum ta turen til Fosshaugane. For det er vel ikkje så farleg å utstyra seg i kvitt og svart? Er det vel?

    FFK skal bankast!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *