Rekord i begge endar

Seriemeistar Molde og Ole Gunnar Solskjær på Fosshaugane. Sogndal kan avslutta med stil viss dei tek skalpen til serievinnaren. Det gjer laget i så fall med to solide rekordar denne sesongen. Eit pottetett forsvar, kanskje landets beste, men med eit spisspar som kun har laga eitt mål denne sesongen. Heilt utruleg! Likevel kan Sogndal sjå fram til tippeligaspel i 2012. Greitt å vita kva ein lett kan gjera betre neste sesong.

Ei betre avslutning på sesongen enn siger mot Molde kan vel Sogndal neppe få. Særleg no som ny kontrakt er sikra og spelarane kan sleppa seg laus og gje Harald Aabrekk ei pangavslutning på trenartida i Sogndal. Det har han fortent. Men det har vore mykje Aabrekk den seinare tida. Sogndalleiinga har vore forbausande passive og tause i mediebiletet. Kanskje hevar dei røysta når sesongen er omme og status skal gjerast opp? Noko anna vil vera merkeleg. For det vil vera sunt om folk flest får eit meir nyansert bilete av sesongen 2011 og alt som har skjedd «bak kulissene».

Det har vore stormfullt på Fosshaugane til tider denne sesongen. Sogndal Fotball er krystallklåre på økonomistyring i klubben, og det trur eg mange skal vera glad for. Dette er ein vesentleg grunn til at Sogndal står på trygg grunn og har hatt ein unik posisjon i norsk toppfotball sidan midt på 1970-talet. Når ein ser på kva uføre Stabæk har hamna i, og ein klubb som Moss som var på kanten av stupet, men redda i tolvte time, skal ein vera glad for at Sogndal har prioritert som dei har gjort.

På personalsida er nok situasjonen ein annan. At trenar og administrativ leiar har ulike sysnpunkt og ikkje kommuniserer særleg godt, har sikkert vore tøft nok til tider. Ein Svein Bakke i kulissene har sikkert vore god å ha for å ri av nokre av stormane.  Dei «anonyme» e-postane har også vore med å forkludra eit bilete som ikkje berre er glansa. Sogndal sitt andrelag og konsekvensen av spel i 4. divisjon er og ei stygg ripe i sogndallakken. Så her er det nok å gripa tak i når dommaren bles av Molde-kampen og adventslyset kan tennast. Advent tyder som kjent noko som skal komma, så her kan det bli interessante førjulsdagar.

Snart kan me ønskja Jonas Olsson velkomen til Sogndal. Som god julenisse tek han sikkert med seg ei forsterkning eller to til det som blir ei ny stor utfordring. Å halda Sogndal blant landets 14 beste lag. Slett ikkje enkelt, men fullt muleg slik denne sesongen ar vist oss.

Eg håpar han tek med seg litt av FK Haugesund-trenar Jostein Grindhaug sin herleg enkle filosofi.

— Taktikk er oppskrytt. Det er berre å peisa på!

Sett på spissen, men likevel. Du må våga nok skal du vinna.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *