Lange, flate ballar……

I fotballfylket Østfold likar dei lange flate ballar på vingane. For Sogndal er det uansett viktig at han rullar rette vegen i morgon. Poenglaus tilstand er tøff å leva med, og det er eit uomtvisteleg faktum at Sogndal MÅ ha poeng i denne kampen. Viss ikkje trur eg det blir blytungt å komma opp av hengjemyra.

Å snakka om krise i fotball er i overkant. I alle fall viss ein har eit visst perspektiv på sporten. Situasjonen er likevel alvorleg nok for Sogndal. Så lenge nullen lyser mot deg, aukar presset på spelarane fort og brutalt. Det er den nye kvardagen i tippeligaen.

Sarpsborg 08 har vore ei plage for Sogndal dei siste åra. Men viss ikkje Eirik Bakke og Co er på nivå med sarpingane, er det grunnlag for alvorsprat og analyse av kva som har skjedd sidan 2-0 mot FFK og opprykksfeiring i fjor haust.

Harald Aabrekk skifta formasjon mot Odd Grenland. Eg trur ikkje det var den viktigaste grunnen til 1-4. Me såg likevel ein strategi som ikkje fungerte. Eit LAG i utakt. Kvifor?

Er det for få spelarar som held tippeligastandard? Spelte laget for lite kynisk? Er spelemønsteret rett og slett for lite fasttømra og variasjonen for liten? Var spelarane for feige? Var spenningsnivået for høgt hjå for mange?

Eller er Sogndal anno april 2011 ikkje på det nivået dei må vera?

Mykje av svaret får me i Sarpsborg søndag kveld. Klubben med gode fotballnamn som Kai Kjønigsen, Finn Johansen, Kolbjørn Nilsen, Knut Spydevold og Harry Kure. Sistnemnde velkjend i «Harry Kure, Sarpsborg tar Corner», fast spalte i humorbladet «KoNk» på slutten av 1960-talet. Og Harry-guten kunne kunsten å skru hjørnespark rett i mål.

Kanskje humor er eit våpen for Sogndal-suksess i Østfold? Gravalvor og tungsinn nyttar i alle fall ikkje mot duoen Hoås/Wiig. Sogndal har alt å vinna, svært lite å tapa.

Stao Pao! Veit de kva det betyr?

Ver klar når ballen rullar,  når toget og fløyta går!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Lange, flate ballar……

  1. Nok ein Tippeligakamp står for døra og no skal me møta eit blåkledd lag i Sarpsborg. Byen har henta bøtta etter ishockeykampen i går, men no er det me som skal regjere ute på fotballbana. Eg håpar at Aabrekk har oppskrifta klar, at spelarane no må ta ansvar for sine eigne roller og fylla ut kvarandre på ein god måte. Dekket er av kunstgras og då kan det gå rimeleg fort med ballen. Her gjeld det ikkje å gje rom til heimelaget, det er viktig med bevegelse i alle ledd i angrepsfasen om me skal klarar å kome oss til målsjansar. Forrige kamp bar preg av nerver og lite funskjonelt samkøyr innad i laget. Eirik; få med deg laget og vis oss kva som bur i mannskapet! KØYR PÅ! God kamp!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *