For enkelt og veikt

1-4 heim mot Odd Grenland er stygge siffer. Men det såg lyst ut då Eirik Bakke dundra ballen i mål frå nær daud vinkel sekundar før pause. Sogndal og dei vel 3000 på tribunane fekk trua på at det kunne bli siger mot Odd Grenland, som ikkje hadde vist spesielt spreke takter. Joe Bendik var merkeleg passiv på Børven-frisparket etter berre to minutar. Men her og no var det gløymt.

Rett etter kvilen skulle Ulrik Flo sjølvsagt ha scora og gjeve Sogndal leiinga. I staden var det Jone Samuelsen som viste prov på klasse a la Bakke og dundra ballen i mål etter flott soloraid. Ny nedtur og stille på Fosshaugane.

Så var det klart for to stygge blemmer av keeper Bendik og lufta ut av Sogndal-ballongen. Diverre. For i tippeligaen kan ikkje Sogndal leva med slike ”smågutefeil” . For enkelt og veikt er konklusjonen etter 1-4. Null poeng og fire baklengsmål heime på Fosshaugane. Det endar utfor stupet viss denne trenden held fram.

Er det så nokon grunn til å svartmåla situasjonen etter to tap? Nei – men spelarane må ta lærdom av det som hare skjedd, og det må skje fort. Kynismen i spelet må fram, både framfor eige mål og motstandarens. Og kven skal laga måla? Det blir nok Harald Aabrekk si hovudpine den nærmaste tida. Kven som er førstekeeper i Sogndal veit han.

Eit positivt trekk:

I går såg me den yngste forsvarsfiraren i norsk tippeliga nokon sinne. Kvartetten Isak Scheel, Even Hovland, Gustav Valsvik og Ørjan Hopen har ein gjennomsnittsalder på 19,5 år. Og dei klarte seg bra. Her har Sogndal ei lys framtid.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til For enkelt og veikt

  1. Svein sier:

    Veit ikkje om eg er heilt einig med deg i at forsvarsfiraren klarte seg bra – med 4 baklengs kan ein vel ikkje vera nøgd med forsvarsspelet uansett.

    Men utfordringane er kanskje endå større framover på bana. Det var uråd å få auga på nokon spelestil i går – planlause langballar til Ulrik Flo og Cato Hansen (!) som ikkje resulterte i noko. Sogndal mista ballen så fort dei fekk tak i den, og dei gav den frå seg frivillig såg det ut som.

    Aabrekk må få på plass ei midtbane som fungerer, og det må spelast gjennom denne. Enno ser det ikkje ut som Bakke sin plass er funnen – kanskje må han flyttast lenger fram? Og Sogndal må få i gang kantspelarane, det svikta totalt i går.

    Avisene er samstemde i at Sogndal vart overkøyrde i går, og i andre omgang var det nivåskilnad på laga. Så kan ein seia at kampen kunne fått eit anna utfall om Ulrik hadde scora etter pause, det er så. Men det var skuffande at Sogndal ikkje hadde noko å stilla opp med etter den sjansen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *