Da står i statistikken……

Det blir topp mot botn. Tromsø mot Sogndal på Fosshaugane ser ut til å vera rått parti. Men stitstikken fortel noko heilt anna. Berre eitt tap på 10 kampar og 6 sigrar. Til å bli optimist av!

Men, den heimkomne, Eirik Bakke har ikkje fått fart på korkje seg sjølv eller medspelarane. Sogndal famlar så langt litt i blinde. Det blir skapt svært få målsjansar, og til dels dumme feil framfor eige mål får konsekvensar langt større enn på nivået under.

Dette visste både spelarar og trenar før sesongen starta. Difor er det litt merkeleg at Harald Aabrekk sine disiplar er så lite førebudde på livet i tippeligaen. Det er ikkje akkurat noko bombe at Øyvind Hoås er ein god spelar. At han får briljera som han gjorde på Sarpsborg stadion søndag, kan umogeleg vera ein del av slagplanen. Leikestove var det vel ikkje, men svært nær. Kvifor det?

 Ser ein på statistikken er dei tre opningstapa en kopi av 1989-sesongen som enda med dunder og brak, frustrasjonar og soleklart nedrykk. Det same vil skje i år viss ikkje motgangen snur, og det raskt!

Kven som spelar i dei ulike posisjonane er relativt uinteressant. Sogndal har den spelarstallen dei har. Eg trur det handlar mest om å bryta nullen og få sjølvtillit nok og tru på at det faktisk nyttar. Det  er sesong nummer 13 på øverste nivå for Sogndal.  Så langt lever det opp til alt det negative stemplet dei fleste har til talet.

Likevel, fortvil ikkje.  På Fosshaugane har Sogndal ein av dei beste heimestatistikkane uavhengig av motstandar. Sjå berre:

10 kampar:  6 sigrar – 3 uavgjort – 1 tap. Målskilnad: 18-12.

Ta med cupkampen i 1997 der Sogndal vann 5-0.

Dette må vera den glade påskebodskapen når spelarane entrar bana palmesøndag kveld.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Da står i statistikken……

  1. Ny kamp står for døra. Her er oppskrifta, Aabrekk:
    1) Eirik må stå meir fram som leiar og kaptein for laget og «piska» spelarane.
    2) Lagdelane må vera meir kompakte og kommunisera betre.
    3) Markeringsarbeidet SKAL det ikkje slurvast med!
    4) Spel meir langs med bakken og spel FRAMover. Espen, Cato og Ulrik skal laga måla og då må oppspela koma frå kanten eller gjennombrot frå midtbane! Spissene bør ikkje springa for mykje bakover.
    5) Alt dette er avhengig av alle at spelarane kjenner si rolle på laget.
    6) Så skal me i Saftkokaradn gjera vår jobb på tribuna ilag med resten av publikummet. God kamp, folkens.

  2. Poeng! Endeleg fekk me eit poeng, men me skulle ha vunne kampen mot Tromsø. Det var god innsats av spelarane og særs gledeleg å sjå Mats Solheim på bana att. Denne fotballspelaren har det meste og spelar med hjarta utenpå drakta. stikkordet her er innsats. Eg håpar no at kampen mot Tromsø gjev spelarane eit løft og tek ned seg det gode inn mot neste kamp på CLS.

    Stemninga på stadion var ganske bra. Underteikna md Saftkokaradn heldt det gåande så lenge me kunne, men eg saknar endå meir engasjement på tribuna. Kom an, folkens! Vér med å syng og det må kunne gå an å fylla opp FC til siste sete og ståplass. Det er ikkje kvar dag me er i Tippeligaen. Eg trur også at Aabrekk sine menn trivast endå bedre om ein klarar å fylla opp FC.

    Ynskjer alle God påske og lukke til i neste kamp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *