Djupe dikt frå kjøkkenet

Nominert til Bragepris

Høyr radiopraten

Poeten Kjartan Hatløy frå Hyllestad har gitt ut den niande diktsamlinga si – ”Kjøkkendikt” – på Oktober forlag. Ordknappe linjer gir oss innsikt. Setningane er tilskorne og nedfila. Han gir oss tankar om livet. Frå kjøkkenet. ”Kjøkkendikt” er nominert til Brageprisen som vert utdelt i dag. Brageprisen er den gjevaste litteraturprisen i Norge. Hatløy sine dikt er ikkje lettvinte. Du må ha tid til å granske deg fram. Eg let ei kanne kaffi renne ned, og sette meg ved kjøkenbordet.

Attkjennande stemningar mala i konkrete bilde, men likevel ikkje lette å få tak på. For meg. Eg sit heile tida og pendlar mellom spørsmåla: Kva kan han ha meint? Kva rører dikta hjå meg?

Den gule duken på kjøkenbordet opp mot havet. Om kvite kaffifilter som pyntar seg og lukta av omnsvarme brød. Den himmelblå oppvaskkosten får somme kjørel til å sveve og på komfyren slumrar steikjepanna i jarn.

Kjøkkenet er den trygge staden. Men ikkje tryggare enn at dauden i nokre svevande sekund berre er eitt steg borte.

Stjernene treng også plass i «Kjøkkendikt». Utanfor kjøkkenglaset er resten av verda. Mjølkevegen gir perspektiv. På eit kjøkken. Den umåla kjøkkendøra er alltid open, og dei mørkebrune kvistane i døra teiknar stjernebiletet Orion – nesten perfekt.

Det er stille og tenkjande på Kjartan Hatløy sitt kjøkken. Stille nok til å lytte til visaren på kjøkkenklokka. Vere der utan å ha noko å gjere. Her kan ein nyte gjerandsløysa. Men så startar kjøleskåpet. Blygt.

Kjartan Hatløy dvelar med elementa i dikta. Han veg orda. Lite synest å vere tilfeldig. Vi får kjenne på levd liv i Kjøkkendikt. Poeten gjer det ikkje lett for lesaren. Eg måtte lese om att og om att. Trenge meg ned i verselinene lag for lag. For meg var diktsamlinga som kom frå Hatløy i fjor – den heitte ”Fjord” – lettare å få tak på. «Kjøkkendikt» loddar djupt. I djupaste laget for meg.

Kanskje vert det Bragepris på poeten frå Hyllestad? Eg gratulerer Kjartan Hatløy med nominasjonen. Viss det skjer har nok juryen bora hardare i stoffet til Kjartan Hatløy enn eg har makta å gjere. ”Kjøkkendikt” er julegåva til dei tolmodige og djuptenkte!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *