Tempel på Himmelbrua

Eg ser i Firda at Førde kyrkje skal utvide ”tempelet”. Det skal verte tempelfilial på handelshuset og kyrkjekaffi på Himmelbrua. Eg hugsa frå Bibelsoga at Jesus reinska tempelet for handelsfolk og pengevekslarar. Det stod skrive at Meisteren var ”harm”. Det er tydeleg at Pengeguden – Mammon – provoserte den elles så godslege og milde Jesus. Vi borna lærde fort at dei einaste myntane som skulle vere synlege i kyrkja var offergåvene ved alteret. 

No har Førde kyrkje snudd saka i høve til tempelreinskinga i Bøkenes Bok. Kyrkja skal inn på kremmarbuene for å treffe folket. Syndarane skal hjelpast til mindre nasking. Dei handelstrøytte skal få velsigning og kyrkjekaffi.

Vi har i vår hatt ein stor kulturdebatt om publikumsbygging på kunst- og kulturarrangement. Førde kyrkje kastar ikkje bort tida med tomprat. Dei handlar!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *