Kulturvandalisme?

"Kakebua" i Florø står til forfall. Horne brygge (t.h) er under renovering

I ettermiddagssendinga torsdag 24. mai var emnet «kulturvandalisme?????» i fylket. Her kan du høyre korleis gjester (Florø, Hyefjorden, Eid, fylkeskulturavdelinga m.m.) belyste emnet under Eli Eikenes Vengen si programleiing: radiosamtalen.

Eg hadde laga dette kåserande oppsparket:

Historiske minnesmerke er fine greier. Kjekt å vise til framandfolk. Kjekt å dvele over sjølv. Viktig å kunne drøyme seg bort i tidlegare tider, folk og skikkar. Drøyme seg bort, ja. I dag tidleg gjekk eg morgonturen min i Kyrkjevegen i Førde. I den gamle embetsmannsmiljøet.
 
Då slo det meg. Viss eg var verneverdig, kven ville eg vere redd for då? Kven ville eg vere redd skulle ta tabbe på meg? Tenk då – Ja, viss eg var eit minnesmerke eller eit verneverdig hus?
 
For det fyrste: Eg ville vere redd for «Lakabodlar»! Eg hugsar med skrekk nidverket der eit verna hus i Solvorn i Luster vart nedrive ei natt. Folk som gjer sjølvtekt, ville eg vere redd. Gamle fylkeskultursjefen Lidvin Osland sette – i beste Høyangertradisjon – utnamn på illgjerningsmennene. Han kalla dei «Lakabodla» – eit nidord som gjekk landet rundt. Men likefullt vart det verna huset jamna med jorda. 
 
For det andre: Eg ville vere redd maskinkøyraren med hestekrefter som eit heilt kavaleri samla på fire hjul. Traktorkøyraren som sit godt og varm verna mot ver og vind bak skotsikkert glas! Når han hevar blikket i rydding av jord og snø, kan det ryke med ein stein. Sjølv om eg var ein potent fallos med all slags fruktbarheitskraft som ståande stein, så ville eg neppe kunne motstå den moderne mann på maskin. Snøryddaren smadra runesteinen ved Stedjekyrkja i Sogndal i vinter.
 
For det tredje: Eg ville vere livredd ein klodrian med motorsag. Ein slik klodrian var på ferde ved kyrkja i Eivindvik i vår. Han klossa det til slik at ei grein knuste ein 1000-år gamal steinkross. Ikkje med vilje, ok – då – men likevel ein klossmajor i særklasse. Viss eg var eit minnesmerke ville eg frykte klodrianane meir enn noko. Dei er totalt ubereknelege, og dei behandlar ofte ei korg egg like uvøre som om det var ein sekk poteter!
 
For det fjerde: Eg ville passa meg for lokalpolitikarar neddopa av dispensasjonsiver. Det er no ein gong slik at politikarar kan lage fine verneplanar, men dei er samstundes krinsmeistrar i å dispensere frå planar dei sjølve har lagt i skuffen. Tenk om eg var den verna Grodåsheimen i Hornindal – tidlegare skysstasjon, telegraf og butikk. Pass opp! No vil dei lokale dispensasjonspolitikarane dispensere, og Grodåsheimen går ei usikker tid i møte.
 
For det femte: Var eg eit verna trehus, ville eg frykte snikmordarane mest av alt. Dei knuser deg ikkje, men dei forgiftar deg langsamt. Dei set deg bort til rotning. Dei set taket til leking. Dei let deg stå med knuste ruter. Trovikkvartalet i Florø – der kafeen Kakebua heldt hus før – er eit glimrande døme. Eigaren Sverre let huset forfalle, medan grannane i Strandgata tek vare på eigedomane sine.
 
Ja, desse fem ville eg frykte om eg var verneverdig. Og viss du bed meg om å fortelje kven eg ville frykte mest, så er du to som skil seg ut. Var eg eit minnesmerke så er det klossmajorane som er livsfarlege å kome nær, og var eg eit verna trehus så ville det vere mest seigpinande og smertefullt og verte sett bort til fornedrande rotning!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *