Det fyrste flate taket i Førde er verna

Rutebilstasjonen i Førde (1962) må vernast. Ikonbygget er teikna av Connie Henden. Merk deg at logoen er inspirert frå Undergrunnen i London. Kvar er du riksantikvar? Bilete av det nyleg verna sentralsjukehuset under kåseriet.

Høyr kåseriet om det verna Sentralsjukehuset og andre verneverdige flate tak i Førde 

So vart det endeleg signa ”fred” over Sentralsjukehuset. Gleda mi var overstrøymande når eg fekk høyre at sjølvaste Riksantivaren hadde manna seg opp til å frede eitt av dei flataste taka i Førde. Og ikkje nok med det: Han hadde valt det mest omstridde bygget i fylket; Sentralsjukehuset i Førde. Stor stas for sjukehusdirektør Bolstad som fekk seg ei feststund og kvitra på radio.

I Førde elles er venteleg reaksjonane få og svake på eit slikt fredingsvedtak. Hadde det skjedd i Florø eller Stryn ville det straks vorte flaggdag. Hadde liknande skjedd i Årdal hadde dei kravd eit ekstra statsministerbesøk på timen – på Nordfjordeid hadde dei sett opp eigen ”fredingsopera”. Men i det historielause Førde hevar ein knapt eit augnebryn. Her er ein van med å få alt utan å måtte kjempe for det. Det vert lite patriotisme av slikt, sjølv om Sentralsjukehuset er hjørnesteinen i Førde.

La meg ta eitt kort historisk attersyn på Førde si enorme utvikling siste 50 åra. Førde er det mest sentrale vegkrysset i fylket, og i dette vegkrysset plasserte AP-regjeringa til Bratteli eit omstridt Sentralsjukehus på 70-talet. Sjukehuskrangelen har ikkje dovna på 40 år, og imens har Førde vakse seg stort og sterkt med ein byggeskikk under flate tak.

I ein ung by er det vanskeleg å få auge på ikonbyggja – dei byggja som bør fredast. Førde er opptekne av å bygge nytt, lite opptekne av å verne gamalt. I tillegg til Sentralsjukehuset finn vi eit ikonbygg plassert meir ”downtown” i Førde. Eg tenkjer naturlegvis på Rutebilstasjonen.

Førde rutebilstasjon er eit tidstypisk 60-talsbygg. Teikna av den legendariske Førdearkitekten Connie Henden. Rutebilstasjonen ligg ved det første lyskrysset i fylket. Eit firkanta og funksjonelt bygg med sine grøne plater opp mot den vakre gule mursteinen. Her har Sunnfjordingar i generasjonar venta på kjærestar og pengeinnkrevjarar. Herifrå har bygdefolk reist med fulle handleposar frå Sparkjøp. Her har Førdefolk kome heim frå den store verda. Frå Høyanger og Bergen.

Connie Henden sjølv var engelsk. Logoen på Rutebilsstasjonen – der det står Firda Billag i ein ring  – er inspirert av skiltet for Undergrunnen i sjølvaste London. Den vakre rutebilstasjonen er 50 år i år. Førde og Connie Henden hadde fortent at dette ikonbygget også vart verna. Førde kommune har neppe sansen for slikt. Dei ser vel berre på nytt Kunstmusé som reiser seg, og på det nye Rådhuset som er i kjømda.

Men dei to viktigaste ikonbygga i Førde er alt bygde. Ein vetig riksantikvar har verna det mest omstridde bygget i fylket – sentralsjukehuset. Vakkert! No spørst det om kven som vil gå på barrikadane for å berge det andre tidstypiske ikonet. Ved det største vegkrysset i fylket – busstasjonen i Førde. Vi burde fått eitt initiativ frå Førde kommune i samband med 50-årsjubiléet. Men det er kanskje å vente for mykje? Eg lurer på om fylkeskulturkontoret med dagleg utsikt til rutebilstasjonen har opne auge for denne kulturskatten rett over vegen? Likevel: Det er nok tryggast å setje si lit til ein som ser rutebilstasjonen i langsiktig perspektiv – ein som ikkje er nedsenka i nærsynt lokaldemokrati – ein som ikkje er  tunblind. Takk for verna Sentralsjukehus, riksantikvar! Vonar at neste gong du kjem til Førde – så kjem du med bussen!

Sentralsjukehuset er tidstypisk og vakkert, omstridt og verna. Taket er Førdeflatt, og kunsten til Ludvik Eikås gøymer seg bak buskene.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *