Bygstad med revy frå moro til minneord

Kari Solheimslid sel "damekøyrt" bil

Høyr radiomeldinga  Høyr publikumsreaksjonar  Sjå revybileta

Vi går inn i ein sesong med bygderevyar. Bygstadrevyen held koken, og dei spelte i helga sin åttande revy av kjent merke. Temavalet er frå Bygstad og resten av Gaular. Styrkane med Bygstadrevyen er eit eminent revyorkester, og nokre skodespelarar med flott typespel. Mange syng betre enn middels og i spissen for desse må eg dra fram Jenny Thomassen. 

Revyen har ein litt slakk og nølande start, om alt som går tregt på bygdene. Men det tek seg opp etter kvart. Musikken, jamt over gode songarar med Jenny Thomassen i spiss set meir fres i revyen. Jenny Thomassen køyrer frisk lågkarbo-rock og ho syng strålande som Jenny Følling – avtroppande ordførar som tek med seg ordførarkjede i avskjedsgåve – på veg til større oppgåver. Senterpartisten Leif Bell som  ikkje vart ordførar og høgremannen Mathias Råheim som vart ordførar i Gaular vert gjort til lått i sikker lokalrevysjanger. Vi får også ein fornøyeleg sketsj om barnetalet på Viksdalen som er så lågt at den siste eleven må ta med seg ”ho besta” på skulen for å sikre elevtalet. Her var det ”livslang læring” med ”unge og gamle hand i hand”.

Revyen har også ein del generelle nummer. I denne klassen likte eg best Kari Solemsli sin drivande monolog om damer og bilkjøp. Temaet kan vere litt utslite i revysamanheng, men den gode Kari spelar så overtydande at det er berre å gi seg over. Per Berge leverer som vanleg sikkert typespel, og to yngre karar – Lars Eirik Aase og Are Gunnar Korsvoll – gir revyen ekstra fart på eit jamt godt skodespelarlag.

Minneord om Roar Kårstad – bror til revysjefen. Alvorlege nummer er ein vanskeleg sport i revy. I Bygstadrevyen i år hadde dei to, og det var kanskje eitt for mykje. Men minneordet om Roar Kårstad i dikt, song og lysbilde stod som ein påle. Publikum synte sin respekt ved ikkje å klappe etter nummeret. I repekt for han ”som sette så tydelege spor” som bedriftseigar og dugnadsmann i bygda. Då blenkte det i mange auge. Då høyrde knappenåla som datt. Sterkt gjort av Bygstadrevyen utan å tippe over i sentimentalitet. 

Kva med å prøve ekstern regissør med skarpare kniv? Arnt Henning Kårstad har gjort ein enorm jobb som revysjef og regissør i åtte år. Eg trur denne revygjengen kunne heva seg ytterlegare om dei torer å koste på seg ein regissør utanfrå. Ein som kan skjere litt tøffare. Om revyen på godt over to timar hadde vorte frisert med 20 minutt, så trur eg at den ville ha heva seg. Nokre av nummera er i lengste laget, og ein del nummer hadde fortent ein litt meir overraskande slutt. 

Oppsummert: Bygstad sparka i gang vårsesongen for bygderevyen på ein tradisjonell måte. Revyen var gjennomarbeidd og gjengen var sceneklar. Det var fin flyt sjølv på den vanskelegaste framsyninga. Eg besøkte dei nemleg på den vanskeleg ”andreframsyninga” – på søndag ettermiddag. Vel blåst, Arnt Henning i spissen for eit solid revylag i Bygstad!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *