Lidenskap på liv og død

Catrin Johnson er DRONNING på alle måtar!

Høyr radiomeldinga  Sjå bileta frå urpremièren

Opera på Åmot gard i Bygstad. Mottaking under ein seglduk på tunet. Opera på låven og middag i høystålet. Gardsopera så det held: ”Dido og Aeneas”. Ei snart 3000 år gamal historie om dronning Dido som misser mannen og vert stormande forelska i prins Aeneas. Samstundes får ho stadig vitjing av den døde ektemannen sin. Ei hemmelegheit ho berre deler med kammerjenta.

Lite handling og mykje kjensler. Stykket handlar om lidenskapleg kjærleik. Og daude. Kjærleiken vert spela sensuelt og befriande direkte. Sjølv om her er levande og daude dronningar, ein lidenskapleg prins og ein daudning til eksmann, så er kjærleiken varm i alle ledd. Det er som dei er inspirert av ”Få meg på, for faen”!  

Dronning Dido vert meisterleg spela og sungen av Catrin Johnson. Ho er kapteinen på eit godt og jamt operaensemble. Her er ingen svake punkt, korkje på song eller skodespel. Førde kammerkor må få heiderleg omtale, sjølv om dei naturleg nok vert ståande litt i skuggen av solostjernene.

Erlend Samnøen har regien. Han har bakgrunn som dansar, og han har lagt ein utsøkt regi på den tronge låven. Med små antydande rørsler framelskar han det intense i spelet. Livgjevande kjærleik og dragning mot dauden. Regien og den gode songen gjer at dette vert ei jamn og god framsyning. 

Intimopera så det held. Scenen er på flate golvet inneklemd mellom takkonstruksjonar, piano og publikum. Koret må ta til takke med hjørna. Publikum sit i ellipseform klin inn til scenen som i British Parlament. Vi sit så tett på, at det berre er så vidt songarane har plass til å bukke når dei tek den rungande applausen. Låven er brukt til siste trevl. Eit artig og originalt grep er at loftet også vert teke i bruk. Eg skal ikkje avsløre korleis. Regissøren har i sanning skrudd operaen godt på plass på den tronge låven. 

Kva imponerer oss? Eg har nemnt regi og god song som avgjerande faktor, men i tillegg er her ein merkeleg Åmot Gard Faktor. Publikum vert djupt imponert over at det vert servert ei slik proff framsyning på eit flatt låvegolv, og det oppstår ei slags ”hengivenheit” til vertskapet og satsinga deira på Åmot Gard. Ei ”forelsking” på liv og daude nett so i operaen. Den gamle garden ”nær døden” får nytt liv med opera!

Operareligiøs ekstase. Vi klyp oss i armen, og vi er ein augneblink litt i tvil om vi er levande eller daude, i røynda eller i draumen! På premieren var applausen nesten påtrengande religiøs! Premierepublikumet rockar kvarandre opp rundt denne operaoasen i Sunnfjord. Rockar?!!?! Ja, nettopp rockar! Operalåven er ein absurditet premierepublikumet elskar. Jordnært på eit småbruk med eminent vertskap. Samstundes operakunst nett so i by’n. Dette er ein av dei få møteplassar i Sogn og Fjordane at ein kan ”sjå og verte sett” reint kulturelt. Vi elskar det intime, det tette og lukta av kunstnarsveitte!

Måltidet er også ei ”heilag handling”. Vi høyrer klemt av sauebjøller og breking frå operalamma i pausen. Flokken har minka. Middagen i høystålet på harde trebenker er velsmakande. Nokre operalam vert ofra og vi kan nyte sakramentet. Langreiste kunstnarar og kortreist Sunnfjordspublikum får i særklasse kortreist mat ! Ute heng ein stor og bonderomantisk augustmåne. Operaromantikk!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *